Ljøsne: – Gratulerer med dagen, alle saman! No skal me ha ei høgtideleg opning av denne flotte reirhuska, sa rektor Eva Hage Solstad før snora på huskestativet vart klypt.
Alle elevane ved skulen var samla rundt det nye huskestativet i friminuttet klokka ti måndag morgon. Hage Solstad fortalde dette var noko elevane hadde ønskja seg lenge.
– Dette har de elevar arbeidd med å få på plass i fleire år, men på grunn av den økonomiske situasjonen til kommunen har det ikkje vore midlar til huska. Då stiller foreldra og gode krefter opp.
Song, snorklypping og is
Huska er finansiert av sponsorane Tønjum Grendalag og Lærdal Energi. I tillegg har entreprenør Voll Lunde Maskin AS levert sand og Byggmakker Andersen stilt med gode prisar på materialet. Sjølve arbeidet har foreldra gjort på dugnad.
– Samstundes har uteområdet ved skulen fått fleire oppgraderingar, mellom anna sandkassa, sa Hage Solstad.
Etter flott song frå 1.-4.klasseelevane passa elevrådsleiar Ida Martine Hille på å takka sponsorane ettertrykkjeleg før ho opna reirhuska offisielt ved å klyppa snora. Deretter kosa elevane seg med is før elevane fekk testa det nye leikeapparatet. Etter litt oppstramming på køkultur fekk klasse etter klasse ta nokre svingar kvar i tur og orden.
Artikkelen held fram under biletet

– Det kan henda de vil sjå rektor er her ute og svingar seg av og til også, sa Hage Solstad.
God stemning blant elevar og lærarar under haustsola på Ljøsne skule måndag, altså. Men mørke skyer trugar den komande månaden.
– Elevane har hatt lyst på denne huska veldig lenge. Den gir eit litt anna fokus enn kva som har vore ei stund, seier leiar i foreldrerådet ved skulen, Elisabeth Rumohr.
– Berre me får behalda skulen her no
For om ein liten månad kan skulen deira vera vedteken nedlagd. Formannskapet skal handsama skulebruksplanen komande torsdag. Der er rådmannen si tilråding nedlegging av Ljøsne skule. Så skal saka etter planen endeleg avgjerast i kommunestyret 20.oktober.
Artikkelen held fram under biletet

– Korleis det går med skulen er opp til politikarane no, det er ute av våre hender. Men uteområdet her brukar borna på kveldane og i helgane, så om skulen skulle bli nedlagd reknar me med at uteområdet vil bestå framover.
– Er opninga av huska taima no før skulebruksplanen skal handsamast endeleg?
– Det hadde jo vore tuske å setja opp huska etter 20.oktober om skulen blir nedlagd, seier nestleiar i foreldrerådet, Iris Blaaflat.
Huska er i alle fall sett opp på dugnad med sponsormidlar og har ikkje kosta kommunen noko. Foreldrerådet ved Ljøsne skule sender difor ei oppmoding til foreldrerådet på Lærdalsøyri om å tenkja i liknande baner når uteområdet der også snart skal oppgraderast.
– Berre me får behalda skulen her no, så, seier Brita Ødegård i Tønjum Grendalag.