OPNING: Line Moen håpar den nyopna Fagmøblerbutikken vil vera med på å stoppa handelslekkasjen ut av Årdal. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
OPNING: Line Moen håpar den nyopna Fagmøblerbutikken vil vera med på å stoppa handelslekkasjen ut av Årdal. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Opna ny møbelbutikk i Øvre Årdal

Fagmøbler skapar fleire arbeidsplassar for innbyggjarane i kommunen, samstundes som butikken skal hjelpe til å tetta handelslekkasjen ut av bygda. 

Årdal: Det meiner ordførarar Arild Ingar Lægreid, som torsdag morgon klipte snora inn til den nyopna møbelbutikken i Øvre Årdal. 

Les også: Dei skal satsa på møblar i Årdal

Bobler i glaset og marsipankake var på plass då representantar frå Fagmøbler og næringslivet i Årdal var samla for å opne den nye møbelbutikken i Årdal sentrum. 

Tetta handelslekkasjen 

– Dette er eit viktig tilbod som me har mangla over lang tid, seier Lægreid. 

Han trur den nyopna butikken vil vere med på å tette litt av handelslekkasjen der årdøler har måtte reise ut av bygda for å få kjøpt seg møbler. 

– Det er eit flott tilbod som skapar både nye arbeidsplassar og handel. Butikken vil ha ringverknader med at den trekkjer fleire folk til handelssenteret. Eg trur dette vil gagna alle som handlar og sel her oppe, seier Lægreid. 

Ordføraren har også eit håp om at hytteeigarar og folk i nabokommunane vil ta turen når dei er på jakt etter nye møbler. 

Saka held fram under bilete. 

OMVISNING: Dei oppmøtte fekk ein omvisning i dei spreke lokala.
OMVISNING: Dei oppmøtte fekk ein omvisning i dei spreke lokala.

– Eg vil tru at hytteeigarar frå Sletterust og Filefjell vil ta turen til Årdal. Desto meir tilbod me har, jo meir interessante blir me. Dei som satsar på ein slik butikk har sjekka om det er marknad for det, så eg har stor tru på at dette vil vera lønnsamt og at butikken vil overleva, seier han. 

Kjøper inn det kunden vil ha

Line Moen har saman med Eilert Olsen og Oddny Karin Børtnes vore ein pådrivar for å få butikken på plass i dei gamle butikklokala i sentrum. 

–Det har skjedd ein stor forandring i lokala frå mars og fram til i dag. Me er verkeleg nøgde med måten det er gjort på og korleis det ser ut her, seier Moen. 

Det nye møbelteamet har som mål at dei skal vera den beste butikken på service, der kunden sine behov alltid skal vera i hovudfokus. 

Saka held fram under bilete. 

OPNING: Det var både kake og bobler i glaset då Fagmøbler opna ny butikk i Øvre Årdal.
OPNING: Det var både kake og bobler i glaset då Fagmøbler opna ny butikk i Øvre Årdal.

– Me vil at kunden sine behov og ønskje skal vera bestemmande for kva me tek inn i butikken. Målsetjinga vår er å vera best mogleg og laga ein spennande og litt annleis møbelbutikk der me syner møblane i eit større miljø som kan gi inspirasjon og ei hyggeleg oppleving, seier Moen. 

Filosofien til butikken er at om dei klarar å vera gode nok, vil kundane komme å handla og dei håpar samstundes på at dette vil gi handelsnæringa i Årdal eit løft. 

Brukar mykje peng på møbel

Nordmenn er spesielt glad i å bruke store deler av inntekta si på hus, heim, møbel og interiør. 

– Me har i mange år måtte reist utanfor bygda for å handla møbler. Særleg Sogndal og Fagernes har hatt mykje besøk av årdøler dei siste åra, seier Moen. 

Saka held fram under bilete. 

KLIPTE SNOR: Ordførar Arild Ingar Lægreid fekk æra av å opne den nye butikken.
KLIPTE SNOR: Ordførar Arild Ingar Lægreid fekk æra av å opne den nye butikken.

Når ein fyrst dreg på handletur for å kjøpe ein spesifikk ting, endar det ofte opp med at ein handlar litt meir enn det ein hadde trudd. 

– Slik sett håpar me at denne etableringa skal stoppa noko av den handelslekkasjen som me har på ein del varer utanfor bygda, som me kunne ha kjøpt i eigen kommune, seier Moen. 

Ivareteken av leiinga 

Etter at Moen fekk nyst om at at Olsen var inne på ideen med å starta opp møbelbutikk i Årdal, tok ho seg like godt ein tur på Torget med hunden for å høyre meir om prosjektet. 

– Eg viste eg ville møta Eilert der. Så spurde eg om planane og fekk veta at dei trengte ein til person. Ikkje lenge etterpå etablerte me selskapet og eg vil sei at me utfylle kvarandre godt og er eit bra team, seier Moen. 

Saka held fram under bilete. 

FOLKSAMT: Mange spente folk hadde møtt opp for å få med seg opninga av butikken.
FOLKSAMT: Mange spente folk hadde møtt opp for å få med seg opninga av butikken.

Trekløveren valte så å bli ein del av Fagmøbler, og seier at dei ikkje har angra på dette valet. 

– Dei har ein god og lokal forankring og me har blitt godt ivareteken og fått god hjelp heile vegen. Me har hatt ein bra dialog med leiinga. I dag opnar me butikken vår, me er framleis ferske i faget, og set difor stor pris på den hjelpa me har fått og vil få framover, avsluttar Moen.  

Til toppen