SNORKLYPP: Klyngetunet vart opna av ordførar Hilmar Høl og bebuar May Britt Røneid.
SNORKLYPP: Klyngetunet vart opna av ordførar Hilmar Høl og bebuar May Britt Røneid. (Foto: Synne Asheim Haga)

BILDESERIE

Opna nytt burettslag i Årdal: – Andre kommunar har noko å læra av oss

Klyngetunet burettslag vart opna onsdag. For dei fleste bebuarane var det første gong dei har eigd ei eiga leiligheit.

Årdal: Onsdag vart Klyngetunet burettslag opna i Øvre Årdal. 

Dei åtte leiligheitene er for personar med utviklingshemming, men dei har kjøpt og eig leiligheitene sjølve.

– Me trur det er viktig å eiga, og samstundes ha sjansen til å vera ein del av eit trygt og sosialt nabolag. Andre kommunar har noko å læra av oss, sa rådmannen Stig Stark-Johansen i opningstalen.

Sjå fleire bilete nedst i saka.

Ambisiøst prosjekt

Heime hoss May Britt Røneid under opninga av klyngetunet i Øvre Årdal.
NØGD: – Eg synst det har blitt veldig bra, og me har hatt godt samarbeid med entreprenørane under byggjefasen, seier Christian Schanche Sørheim frå Akritektkontoret 4B. Synne Asheim Haga

Burettslaget er teikna av Arkitektkontoret 4B frå Sogndal. Arbeidet starta i 2017, i samarbeid med kommunen og Årdal Boligbyggelag.

Det vart laga fleire alternative utformingar, men Årdal kommune valde det mest ambisiøse, fortel ein av arkitektane, Christina Schanche Sørheim.

– Det er veldig viktig for oss å ha ein ambisiøs oppdragsgjevar for å få til gode prosjekt, og det synst eg me har hatt her, seier Sørheim. 

Det er Kleiven Sogn som har våre hovudentreprenør i bygginga av burettslaget.

Ville unngå institusjonspreg

Eit avgjerande premiss var at Klyngetunet skulle verta ein heim for dei som bur der, og ha minst mogleg institusjonspreg.

Samstundes ønskte kommunen at det skulle vera enkel tilgang for dei tilsette mellom leilegheitene. Dette vart løyst ved å laga eit tun, der dei tilsette kunne gå tørrskodde og under tak ute.

– Eg synst det har blitt veldig bra, og me har hatt godt samarbeid med entreprenørane under byggjefasen, seier Sørheim.

Nøgd ordførar

Opning av klyngetunet i Øvre Årdal.
– Årdal skal ha plass til alle, og me byggjer for det. Eg faktisk er glad for at me har eit slikt samfunn, seier Hilmar Høl. Foto: Synne Asheim Haga

Prosjektet har hatt eit budsjett på 23,8 millionar kroner, og kommunen har fått 10 millionar kroner i tilsegn frå Husbanken.

For kommunen er det lønsamt at personane dei skal yta tenester for, eig og held ved like sine eigne bustader. For bebuarane betyr det at dei får bestemma over interiør og fargeval, samstundes som dei betaler ned på sitt eige lån.

Ordførar Hilmar Høl, som var med på snorklyppinga, er stolt over resultatet. Ikkje minst gledde han seg over alle dei nøgde ansikta til dei som skal bu der.

– Det er slik me vil ha det. Årdal skal ha plass til alle, og me byggjer for det. Eg faktisk er glad for at me har eit slikt samfunn, seier han.

Rådmann Stig Stark-Johansen under opninga av klyngetunet i Øvre Årdal.
– Når to sterke og fagleg dykte personar som Greta og Christina møtast, så vil store ting kunne skje, sa rådmann Stig Stark-Johansen under opninga av Klyngetunet burettslag. (Foto:  Synne Asheim Haga)
Greta Steinheim frå Årdal Boliggbygelag under opninga av klyngetunet i Øvre Årdal.
Greta Steinheim frå Årdal Boliggbygelag under opninga av klyngetunet i Øvre Årdal. (Foto:  Synne Asheim Haga)
May Britt Røneid og ordførar Hilmar Høl klipper snora under opninga av klyngetunet i Øvre Årdal.
May Britt Røneid og ordførar Hilmar Høl klypper snora under opninga av klyngetunet i Øvre Årdal. (Foto: Synne Asheim Haga)
Opning av klyngetunet i Øvre Årdal.
Omsmund Kaldheim, direktør i husbanken, held tale under opning av klyngetunet i Øvre Årdal. (Foto: Synne Asheim Haga)
Opning av klyngetunet i Øvre Årdal.
– Årdal skal ha plass til alle, og me byggjer for det. Eg faktisk er glad for at me har eit slikt samfunn, seier Hilmar Høl, her i lag med May Britt Røneid. (Foto: Synne Asheim Haga)
Opning av klyngetunet i Øvre Årdal.
Onsdag var det opning av Klyungetunet burettslag i Øvre Årdal. (Foto: Synne Asheim Haga)
Til toppen