AVSLAPPA STEMNING: Det nye barnesamtalerommet til Sogn barnevern er utstyrt med ein einvegsspegel, slik at det òg kan bli brukt til å observere samspelet mellom barn og foreldre. Fagsjef Elin Pettersen Tysse og barnevernsleiar Hadle Blikra ser at ungane i Furuli barnehage tydelegvis finn seg til rette.

Opna nytt samtalerom med barnehagekunst på veggane

Furuli barnehage på Kaupanger har pynta opp det nye rommet der barnevernet i Sogn skal ha samtalar med barn og unge.

Sogndal: Sogn barnevern er med i eit forskingsprosjekt der målet er å få ny kunnskap og betre praksis når det gjeld korleis barn får medverke i barnevernet. Det nye barnesamtalerommet er eit ledd i det arbeidet.

GLAD DUO: Ingunn Breili og Kristin M. Kastet i Sogn barnevern er glade for at dei har fått på plass eit skikkeleg barnesamtalerom.
GLAD DUO: Ingunn Breili og Kristin M. Kastet i Sogn barnevern er glade for at dei har fått på plass eit skikkeleg barnesamtalerom.

– Vi er kjempeglade for å ha fått dette rommet. For ganske mange barn og unge så utgjer det ein ganske stor forskjell. Frå å sitte i eit nitrist rom med høgt bord og høge stolar, så får du ein samtale litt meir på deira premissar, seier Kristin M. Kastet i Sogn barnevern.

Les også: Her er gjengen som skal gjenreise tilliten til barnevernet

Utfyller fleire funksjonar

Ho seier det er mykje kjekkare å ha fått på plass eit rom med med fargar, kunst på veggane og leikar der det før var grå kontor. 

Takka vere ein einvegsspegel kan det òg brukast som eit observasjonsrom.

PØLSEFEST: Før opninga av barnesamtalerommet var det duka for pølsefest i kantina på helsehuset, noko Emil Olstad Nundal og Emma Veum sette pris på.
PØLSEFEST: Før opninga av barnesamtalerommet var det duka for pølsefest i kantina på helsehuset, noko Emil Olstad Nundal og Emma Veum sette pris på.

– Det blir brukt i undersøkingar for å finne ut litt meir om samspelet mellom ungane og foreldra. Det er fleire metodar der du filmar snuttar av ungane og foreldra i leik, så går du gjennom filmen med foreldra og brukar den som utgangspunkt for diskusjon om noko kunne blitt gjort anleis i måten dei møter ungane på og måten dei forstår signala til ungane, seier Ingunn Breili.

– Det er faktisk ikkje så mange barnevernstenester som har eit eige observasjonsrom. Då må dei bruka BUP eller andre slike instansar for å få gjort observasjonar, seier ho.

FEKK HJELP: Ordførar Jarle Aarvoll fekk æra av å klyppe den obligatoriske snora saman med god hjelp frå ungane i Furuli barnehage.
FEKK HJELP: Ordførar Jarle Aarvoll fekk æra av å klyppe den obligatoriske snora saman med god hjelp frå ungane i Furuli barnehage.

Enkel sak

Også ordførar Jarle Aarvoll var på plass. Han takka pent for gåva frå barnehagen og sa at han som ordførar gjerne òg vil bidra med noko, men at han skulle halde seg unna å lage kunst.  

KREATIVT: Furuli barnehage har bidratt med tre kunstverk som no heng i det nye samtalerommet til Sogn barnevern.
KREATIVT: Furuli barnehage har bidratt med tre kunstverk som no heng i det nye samtalerommet til Sogn barnevern.

Norunn Aaberge jobbar i Furuli barnehage og tykkjer det var ei stor ære å få oppdraget med å pynte opp samtalerommet.

– Det er ikkje ofte ungar blir spurt om å lage kunst, så det er kjekt og stas for ungane å få lov til bidra til at nokon andre kan ha det koseleg og fint.

Ho seier ungane har jobba hardt og brukt minst to heile dagar på å lage ferdig kunsten. Men ikkje alle dei som var med tykte det var like komplisert.

– Det var berre å ta på lim så var vi ferdige, fortel Emil Olstad Nundal.

Til toppen