SAMLA: Pål Sagen, Eli Selstad, og Dagfinn Hovland i døra inn til prestebustaden i Luster.
SAMLA: Pål Sagen, Eli Selstad, og Dagfinn Hovland i døra inn til prestebustaden i Luster. (Foto: Linda Watten)

Opna prestegarden: – Luster gjenerobra plassen som vogga til nasjonalromantikken i dag

Det seier Dagfinn Hovland som endeleg fekk opna prestegarden i Luster, no med heilt andre føremål enn det den tidlegare har hatt.

Luster: – Eg håpar prestegarden skal bli til glede, nytte og opplysning for folk, seier Dagfinn Hovland, fødd og oppvaksen i Luster.   

Han har stått på sidan våren, etter at ein ide om nytt liv i prestebustaden kom til han i fjor haust.

– Eg tykte det var stusseleg at eit så stort og flott hus skulle stå tomt midt i hjarta av Luster, så eg sendte brev til ordføraren med nokre tankar om kva det kunne brukast til, seier Hovland.

Luster trengde eit staseleg selskapshus

Han meinte at Luster trengde eit staseleg selskapshus både til møte, fest og arrangement. 

– Fyrst tenkte eg at huset kunne drivast på dugnad, men nokon må i bresjen uansett. Difor byrje eg å tenkje at kanskje eg kunne gjere det. 

SERVERING: Bjørn Sverre Hol Haugen sytte for at gjestene fekk noko å bite i, og drikke på. Limonade frå same stad som fleire av kunstverka i rommet blei måla, Kroken. Foto: Linda Watten

Dermed flytta han tilbake til heimbygda Luster, frå Odalen der han har budd men mannen, Bjørn Sverre, i mange år. 

– Eg er glad i husstell, gamle hus, gamal interiør, og likar å arrangera ulike tilstelningar. Ved å flytta heim kunne eg sjølv vera pådrivar for arbeidet her i prestebustaden. 

To spesielle gjestar 

Denne kvelden har han fått besøk av to heidersgjestar. Eli Selstad som er kulturminneforvaltar i Opplysningsvesenets Fond, og galleristen Pål Sagen som har teke med den unike samlinga si med bilete frå Nasjonalromantikken. 

– Eg har teke med kunst frå 1819 og fram til 1852. Kvar sommar etter 1819 drog norske kunstarar til Sogn og Ytre Kroken. Dette var ei pionertid i norsk kunst, og starten på Nasjonalromantikken, seier Pål Sagen. 

KUNST: Motiv frå Sogn i dei unike kunstverka til galleristen, Pål Sagen, som sjølv hadde familie i Ytre Kroken. Foto: Linda Watten

Til vanleg står bileta hass i museet han har på Koppang. 

– Det er litt av ei samling eg har der med mange sjeldne ting. Eg har samla i lang tid og vore interessert i kunst sidan eg var 12 år, seier Sagen.

Var aldri tvil om at Hovland kunne nå måla sine

Eli Selstad er imponert over både naturen, pågangsmotet til Hovland, og overhalinga i prestebustaden.

– Dette tykkjer eg er heilt fantastisk, ein kan vel ikkje finna finare utsikt ut vindauga enn her, seier ho der ho står i eine rommet med kunstverk frå Nasjonalromantikken rundt seg. 

LOKALT: Frå venstre: Motiv frå Kaupanger, Ytre Kroken og Feigefossen. Foto: Linda Watten

Då prestar i 2015 kunne flytta ut av prestegardane sine blei det brått litt usikkert for Opplysningsvesenets Fond. 

– Me visste ingenting om kva som kom til å skje med prestegardane etter at prestane flytta ut.

Då presten i Luster, Geir Paulsen, flytta ut i 2016 var det mange som tykte det var tuske at prestegarden skulle stå tom. Heldigvis kom Dagfinn Hovland med planane sine. 

– Han ringte oss og sa han var interessert. Etter berre to samtalar tenkte eg at "han her får det til. Dette treng me ikkje bekymra oss for", seier Selstad. 

Ordføraren: – Dei beste erstattarane me kunne få

Òg ordførar, Ivar Kvalen, er positiv til det Hovland har fått i stand. 

GLAD: Dagfinn Hovland kunne endeleg syna fram prestegarden til både lokale og andre etter fleire månader med hardt arbeid og oppussing. Foto: Linda Watten

– Dette er fantastisk flott. Då presten fyrst fann ut at han ville flytta så må vel Dagfinn og familien vera dei beste erstattarane huset kunne få. Han har gode tankar og idear kring huset, og det er me glad for, seier Kvalen. 

No skal Hovland og mannen bu og styra i prestegarden til vanleg, samstundes som dei jobbar og pendlar litt på si. 

– Bjørn Sverre skal pendla ein del til småbruket vårt i Odalen, medan eg skal ta i mot fyrsteklassingane på Skjolden Oppvekstenter på måndag, smiler Hovland. 

Til toppen