Sogndal: – Bunader er i vinden som aldri før, seier Aud Ross Solberg, avdelingsdirektør ved Sogn Folkemuseum på Kaupanger.
Onsdag opna museet ei ny bunadsutstilling i samarbeid med Sogn Bunadnettverk.
Har spesielle kjenneteikn
Utstillinga viser korleis sognebunaden utvikla seg på 1900-talet, og nokre av kvinnene som stod bak.
– Mange har eit nært og positivt forhold til sognebunaden. Den er eit festplagg ein ber med stoltheit. Det synleggjer band og nærleik til Sogn og til kommunen der ein bur, har vakse opp eller har slekta si. Sognebunaden har sine særtrekk, både stakkekanten, den vakre skjortesaumen, jentebandet og konehuva er spesielle kjenneteikn for vår bunad, seier Ross Solberg.
Innsamlingsdugnad
Utstillinga presenterer kvinnebunader som er henta fram frå museet sine samlingar, i lag med sognebunader som dei har fått låna av vanlege folk og som er donerte medan utstillinga vart planlagt.
– På det viset har rause sogningar sjølve bidrege til at ei bunadsutstilling kunne gjennomførast, seier Ross Solberg.