OPNAR OPP: På torsdag opnar Faruk Yilmas opp dørene i det nye lokalet til Mama Mia. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
OPNAR OPP: På torsdag opnar Faruk Yilmas opp dørene i det nye lokalet til Mama Mia. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Opnar dørene for eit breiare utval

Om du den siste tida har frykta at kebab i Årdal skulle verta historie, kan du no senka skuldrane. På torsdag opnar det ein ny restaurant i Øvre Årdal.

Då Faruk Yilmaz fekk tilbod om å overta lokalet som tidlegare husa China House, bestemte han seg for å ta sjansen. På torsdag opnar han dørene til den nye Mama Mia-restauranten, og utvidar samstundes mat- og serveringstilbodet.

Same konsept

Du kan framleis få bestilt både kebab og pizza slik som tidlegare, men Yilmaz har bestemt seg for å auke standarden for å gje gjestene ei kjensle av å vera på ein restaurant.

– Ungdomane brukte det gamle lokalet som ein møteplass. Slik blir det ikkje i dei nye lokala, seier han. 

Når nye Mama Mia opnar, er det spiseplikt i lokalet, men ein kan framleis ta med seg maten heim slik som før.

Meir å tilby

Yilmaz fortel vidare at det gamle lokalet bar tydeleg preg av slitasje, og at det var dårleg med sitteplassar. Han ynskjer å gje årdølene eit betre tilbod, og frå torsdag av kan du velge mellom fleire ulike kjøtt-, fisk- og pastarettar, i tillegg til kebab og pizza.

Besetningen kjem til å bestå av to kokkar og ein servitør, og Yilmaz utelukker ikkje at han må tilsette fleire om restauranten blir godt brukt. 

Dørene opnar torsdag 3. desember, og vil ha dei same opningstidene som før. 

Til toppen