NY BUTIKK: Bruktbutikken Brukthjørna opnar fredag på gamle Lærdalsøyri.
NY BUTIKK: Bruktbutikken Brukthjørna opnar fredag på gamle Lærdalsøyri. (Foto: Liv Einemo Tønjum / Arkiv)

Opnar dørene til ny bruktsatsing i Lærdal

Lokale krefter går saman om ny bruktbutikk på Lærdalsøyri.

Lærdal: Til helga opnar den nye butikken Brukthjørna. Den har fått tilhald i lokalet som tidlegare var kjent som Lindstrømbui, midt på Lærdalsøyri. 

Fredag er den offisielle opningsdagen, og frivillige har jobba iherdig for å få lokalet klart. 

– Frivillige har gjort ein stor innsats med rydding, måling, innreiing og nedvask. I det heile har mange gode krefter bidrege for å gjera butikken klar til haustmarknaden, går det fram av ei pressemelding frå Lærdal kommune.  

Brukthjørna blir eit samarbeid mellom Lærdal frivilligsentral, Lærdal kommune helse og omsorg og NAV. Gjenbruk og brukthandel er fornuftig ressursutnytting og ei naturleg bedrift i «Grøne Lærdal», skriv kommunen.

I tillegg skal butikken vera ein stad for arbeidstrening og ein sosial samlingsplass, der det går an å ta turen innom for ein kopp kaffi og slå av ein prat.

Butikken skal ha opningstider tre dagar i veka mellom kl.11 og 16. 

Til toppen