SATSAR PÅ VR: Anouar Ahmed Sraidi og kona Gro Charlotte Fretheim Sraidi, ønskjer å tilby årdølene ei litt annleis spel-oppleving ved hjelp av VR-teknologi.
SATSAR PÅ VR: Anouar Ahmed Sraidi og kona Gro Charlotte Fretheim Sraidi, ønskjer å tilby årdølene ei litt annleis spel-oppleving ved hjelp av VR-teknologi. (Foto: Sunniva Knutsen)

Opnar ein av landets første spelehallar med VR-teknologi i Årdal

Gamers Planet vil tilby sju forskjellige maskiner der du kan køyra motorsykkel eller fly.

Årdal: Anouar Ahmed Sraidi (38) og kona Gro Charlotte Fretheim Sraidi (43) jobbar på spreng for å få lokalet attmed torget i Øvre Årdal ferdig til opninga i oktober.

SATSAR PÅ VR: Gamers Planet ønskjer å tilby årdølene, unge som gamle, ein stad å møtast for å testa ut ein anna verd ved hjelp av VR-teknologi. Foto: Sunniva Knutsen

Gamers Planet er eit konsept basert på virtual reality, der ein ved hjelp av teknologi kan steppa inn i ei anna verd.

I spelehallen skal det vera sju maskiner med forskjellige spel der du kan fly medan du ligg vassrett på eit brett som du rører på, eller køyra motorsykkel.

Sraidi: – Det er få moglegheiter for unge å møtast  

Ideen kom til dei i mars då dei diskuterte kva tilbod unge i Årdal har på fritida.

Dei kom fram til at det ikkje var stader for born og unge å vera saman utanom å driva med sport. Då byrja ideen å spira hjå Anouar.

– Blant unge over heile verda har det blitt veldig populært med Virtual Reality (VR), og mange unge spelar til dømes Playstation og X-box frå dei er små, så kvifor skulle ikkje ein litt meir moderne teknologi treffa årdølene òg?, undrar han. 

Sjå video her.

Hos Årdal Utvikling fekk dei råd og informasjon om korleis dei kunne setta forretningsidèen ut i livet.

– Det var der me starta. Dei var veldig positive med ein gong, og hjelpte oss mykje med å vurdera marknaden og slike ting, seier Gro. 

– Ein stad for alle aldrar

Gro og Anouar ønskjer at dette skal vera ein stad for alle.

– Desse spela er ikkje berre for born og ungdommar, det er noko for alle, meiner eg. Me vil ha spel for å køyra motorsykkel, for å fly og for å ri på hest med meir, seier Anouar. 

Vidare skal det vera ei avdeling for dei yngste.

– Kids world er ei virituell sandkasse for dei yngste med prosjektorar. Dei kan leika på stranda og plutseleg dukkar det opp ei skjelpadde eller nokre fisk. Denne er ikkje VR på den måten at dei brukar VR-briller, men ved at det kjem opp ved hjelp av prosjektorar. 

Til toppen