NY TID: I 2019 kom det over einkvart million cruiseturistar til Flåm. I år er det ikkje godt å spå kor mange det blir.
NY TID: I 2019 kom det over einkvart million cruiseturistar til Flåm. I år er det ikkje godt å spå kor mange det blir. (Foto: Arkiv)

Opnar Flåm for turistar

Vanlegvis er det omtrent berre utlendingar som ferierer der, no skal cruisebygda prøva å lokka nordmenn.

Aurland: I ei pressemelding måndag skriv Flåm AS at dei vil opna att for gjester fredag, halvannan månad etter at verksemda stengde ned og permitterte 95 tilsette.

Til vanleg er over 95 prosent av gjestane i Flåm frå utlandet, men no er målet å lokka nordmenn til bygda. 

GLADMELDING: Administrerande direktør Solrun Hjelleflat i Flåm AS. Foto: Flåm AS

– Me gler oss til å visa nordmenn dei spektakulære naturopplevingane kinesarar og amerikanarar har reist tusenvis av kilometer for å oppleva, seier administrerande direktør Solrun Hjelleflat i Flåm AS og Aurland Ressursutvikling i pressemeldinga.

Mange permitterte

Selskapet lover at dei vil gjera strenge grep for å hindra spreiing av smitte, slik at gjestane kan føla seg trygge.

Til no har ingen personar i Aurland blitt stadfesta smitta av koronaviruset, men kommunen er ein av dei som er hardast økonomisk råka av pandemien.

Frå å vera éin av kommunane med lågast arbeidsløyse i landet, vart statistikken snudd på hovudet i mars. Dei siste tala viste at 21,4 av innbyggjarane stod heilt utan arbeid.

Til toppen