FLEIRE TENESTER PÅ NETT: Den nye avtalen gjer at fleire tenester no kan bli elektroniske, eksempelvis byggjesøknader og søknader om skjenkeløyve. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FLEIRE TENESTER PÅ NETT: Den nye avtalen gjer at fleire tenester no kan bli elektroniske, eksempelvis byggjesøknader og søknader om skjenkeløyve. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Opnar for fleire kommunale tenester på nett

Ein ny avtale mellom KS og Altinn gjer at fleire kommunale tenester no kan bli digitale.

Årdal/Lærdal: Fram til no har kommunane berre hatt høve til å bruke Altinn til utsending av digitale meldingar, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Den nye avtalen gjer at fleire tenester no kan bli elektroniske, eksempelvis byggjesøknader og søknader om skjenkeløyve.

– Dette er eit steg på vegen mot ein meir brukarretta offentleg sektor og vil fjerne tidstjuvar for innbyggjarar og næringsliv. Samarbeidet betyr at fleire kommunale tenester blir tilgjengelege på nett og at tenester frå stat og kommune i større grad vil henge saman, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).

I samarbeidet ligg det òg at den enkelte kommune kan gjere eigne avtalar med Altinn for å tilby nye tenester, opplyser departementa. (©NPK)

Til toppen