KOM TIL EINIGHEIT: Geir Berge Øverland (Ap) og Trond Øyen Einemo (H) under formannskapsmøtet torsdag kveld, som er det siste planlagte møtet i formannskapet før dei nye folkevalde tek over. Foto: Ina Eirin Eliassen
KOM TIL EINIGHEIT: Geir Berge Øverland (Ap) og Trond Øyen Einemo (H) under formannskapsmøtet torsdag kveld, som er det siste planlagte møtet i formannskapet før dei nye folkevalde tek over. Foto: Ina Eirin Eliassen

Opnar for garanti og fond til flaumsikringstiltak

Formannskapet samla seg om å gi kommunal garanti for kostnadane til flaumtiltak i Erdalselva og Kuvelda. Dei vil også oppretta eit fond for å vera føre var i framtida. Gir kommunestyret også grønt lys, kan arbeidet med flaumsikringa starte opp alt i november. 

Lærdal: Under sist kommunestyre stilte Geir Berge Øverland (Ap) spørsmålet om kvifor ikkje kommunen har stilt med garanti for kostnadane av distriktsdelen, noko som forsinkar arbeidet med flaumsikring av Kuvelda og Erdalselva, som var råka av flaum i fjor haust. Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) sa seg einig og ønkte å løyse saka politisk så fort som råd.

Les også: Ap finn det urimeleg at ikkje kommunen har stilt garanti

Er eitt skritt nærare oppstart

Saka var opp til handsaming i formannskapet torsdag ettermiddag, der dei langt om lenge landa på eit samrøystes vedtak. Saka skal også vidare til endeleg godkjenning i kommunestyret 15. oktober.  

For at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) skal kunne starte anleggsarbeidet med elvesikring av Kuvelda og Erdalselva i november, må dei motta garanti for distriktsdelen frå kommunen innan 20. oktober, skriv dei i eit brev kommunen har venta på, datert 30. september. Kostnadane for sikringstiltaka mot flaum i Erdalselvi og Kuvelda er sett til 5.7 millionar, der distriktsdelen er estimert til 585.000 kroner (begge er eks. mva.). 

– Kan ikkje krevje attende distriksdelen

Øverland seier han vart overraska over delar av konklusjonen i tilrådinga frå rådmannen Alf Olsen jr. om at distriktsdelen på inntil 20 prosent av sikringstiltaka skal bli kravd refundert frå grunneigarane/festarane. 

– Eg er totalt ueinig. Lærdal kommune kan ikkje krevje inn refusjon for distriksdelen, det seier NVE er uvanleg og ordninga er lite nytta av kommunane. Eg vil ha inn eitt nytt punkt der kommunen opprettar eit fond for å dekke distriksdelen, då det ikkje kjem til å vera siste gongen me kjem til å sjå slike naturkatastrofar i tida som kjem, seier Øverland. 

Vil ha ein økonomisk konsekvens

Rådmannen presiserer at når det gjeld dekking av distriktsdelen er det ulik praksis i kommunane. Nokon tek alt, andre dekkar delar medan andre ikkje tek noko av kostandane. Ved landbruksareal, må eigar sjølv som regel dekke distriksandelen, medan ved bustadsareal er det litt annan praksis. 

– Det er eit politisk val kva ein vil gjera, men det har ein økonomisk konsekvens for kommunen om me ikkje krev distriksdelen inndekka, seier Olsen jr. 

Trond Øyen Einemo (H) meiner også det må vera rom for forhandlingar med grunneigarane om distriktsdelen, men då må kommunen setta av tilstrekkeleg med pengar. Han peikar på at baksida med ei beinhard linje på distriktsandelen er at ein brenn av mykje på advokatar og takst, der ein risikerer å ut med distriktsandelen likevel. Han legg til at ein heller ikkje kan krevje attende meir enn verdiauka på eigedomen etter arbeidet med elvesikringa. 

Øverland er også ueinig om å ha forhandlingar, men seier distriksdelen ved arbeidet med Kuvelda og Erdalselva bør bli dekka av disposisjonsfondet. Han ser det som praktisk og rettferdig, og meiner som Einemo at totalutgifta til kommunen kan bli større ved å køyre ei beinhard linje. 

– Fastsetting av distriktsdel og erstatning er det reglar i naturskadelova som definerer. Om me ikkje blir einige er det jo skjønn som avgjer. Eg har også litt vanskeleg å sjå at det gir advokatutgifter, seier Olsen jr. 

– Me har dårleg tid og må kome til ei løysing

Solheim minna om at kommunen har 20 dagar på seg til å finne ei løysing, slik at det ikkje blir utsett til neste periode. 

– Det har kome eit nytt prinsipp frå NVE, der mange kommunar no forhandlar i slike saker. Ei verdiauke er grunn for forhandling. Luster har dekt halve distriktsandelen, men det er ulik praksis også i vår region, seier Solheim.

Han spør formannskapet om det er rett at Lærdal kommune skal betale for ei eventuell verdiauke. Øverland tykkjer det er vanskeleg å sjå ei verdiauke ved tilfella Kuvelda og Erdalselva. Gro Starheimsæter (Sp) meiner det er viktig å gjera det så rettferdig som mogleg. Ho er oppteken av at kommunen ikkje sett seg i den situasjonen at om dei dekker distriksdelen no, vil det vera eit prinsipp som ein må følge framover. 

Rådmannen skjønar prinsippet om rettferd, men legg likevel vekt på at det vil vera ulike omsyn blant dei ulike tilfella. Han tek opp eksempelet i Aurland der skulen måtte sikrast, noko som gav kommunen større legitimitet til å ta ein større del av distriktsdelen, enn ved eit jordbruksareal. 

– Om me gjer grep no, legg ikkje det ei ramme for framtida, seier Olsen jr. 

Klokt å opprette fond

Jan Olav Fretland (SV) støttar Øverland og er einig i at det vil ta seg dårleg ut om kommunen krev refusjon. Han ser det som klokt å opprette eit fond, slik at ein er føre var i framtida.

Også Olsen jr. meiner det er god økonomistyring og klokt å eventuelt oppretta eit slikt fond. Lærdal kommune har hatt eit liknande fond attende i tid, men då var det ikkje bruk for det. No har også reglane endra seg. 

Etter ei pause med handsaming av andre saker, vart formannskapet einige om vegen vidare. Dei går for rådmannens tilråding om at kommunestyret gir rådmannen fullmakt til å underteikne kommunal garanti for distriksdelen på inntil 20 prosent av kostnadane for sikringstiltaka mot flaum i Erdalselva og Kuvelda. 

Ut i frå eit rettferdsomsyn og den økonomiske belastinga for den enkelte grunneigar, røysta formannskapet fram eit framlegg dei kom fram til i fellesskap, om at kommunen som grunnprinsipp dekker distriktsdelen ved utbetringane i Kuvelda og Erdal. Men om utbetringane gir vesentleg verdiauke for den enkelte grunneigar, er det naturleg at kommunen forhandlar om kostnadsdeling.

I tillegg vart det vedteke at rådmannen blir bedd om å setje i gang eit arbeid for å oppretta eit fond som skal dekke distriksdelen ved naturskadar i framtida. 

Til toppen