SELDE: Effekten av samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane til ein mjølkegerion kan bli at Hordaland «mistar» ein del kvotar til nabofylket i nord fordi kvotane er dyrare i Sogn og Fjordane
SELDE: Effekten av samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane til ein mjølkegerion kan bli at Hordaland «mistar» ein del kvotar til nabofylket i nord fordi kvotane er dyrare i Sogn og Fjordane (Foto: Arkiv)

Opnar for kvotesal over grensene i åtte fylke

Åtte fylke er slått saman til større regionar for sal og leige av mjølkekvotar med umiddelbar verknad. Det får følgjer for prisnivået, ifølgje meklarar.

Med umiddelbar verknad har regjeringa opna for sal og leige av mjølkekvotar over fylkesgrensene i åtte fylke, som har blitt til fire regionar. Berre veker etter vedtaket er minst fire mjølkekvotar selde over fylkesgrensene, skriv  Nationen.
 
Bønder kan kjøpe, selje og leige mjølkekvotar innanfor ein region. Regionane har fram til nyleg følgt fylkesgrensene, med unntak av Oslo og Akershus, som er ein region. Med umiddelbar verknad er talet på regionar kutta frå 18 til 14. Hordaland er slått saman med Sogn og Fjordane, Sør-Trøndelag med Nord-Trøndelag, Aust-Agder med Vest-Agder og Vestfold med Østfold.
 
Dei nye og større kvoteregionane vil ifølgje meklarar få følgjer for prisnivået på kvotar i dei åtte fylka. I tillegg kan fylka som før hadde lågast kvotepris gradvis bli tappa for mjølk.

 

Ein av kvotane er seld frå Hordaland til Sogn og Fjordane. Kvotemeklar Arnstein Tømmerås seier det kan gi grunn til uro.

– Eg er redd ein del kan gå kvotar ut av Hordaland. Med to til tre kroner høgare pris i Sogn og Fjordane er det freistande for bønder i Hordaland å selje kvoten til nabofylket. Slik det ser ut nå, så kan mjølkeproduksjonen i Hordaland bli tynna ut, seier han.

Bondelaget fryktar følgjene.

– Det er ikkje positivt at kvotar forsvinn ut av fylket vårt. Bønder som vil produsere og utvide her får òg høgare kostnader. Det var dette vi åtvara mot, seier Kjetil Mehl, fylkesleiar i Hordaland.

– Vi er redd dette vil føre til sentralisering av mjølkeproduksjonen, seier Kari Åker, fylkesleiar i Sør-Trøndelag.

– Det blir dyrare å utvide og å leige kvote. Det er negativt. Det forsvinn for mykje pengar ut av næringa frå før, seier Thorleif Müller, fylkesleiar i Vestfold.

– Det vil vere trist om konsekvensen blir at fleire bønder her legg ned og at mjølka forsvinn til Vest-Agder, seier Knut Erik Ulltveit, fylkesleiar i Aust-Agder til Nationen.

Til toppen