FORSKRIFTSENDRINGAR: Miljø- og klimadepartementet har gjort forskriftsendringar for å prøva ut meir effektive metodar i jervejakta. Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen.
FORSKRIFTSENDRINGAR: Miljø- og klimadepartementet har gjort forskriftsendringar for å prøva ut meir effektive metodar i jervejakta. Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen.

Opnar for meir effektiv lisensfelling av jerv

Klima- og miljødepartementet har gjort forskriftsendringar for å prøva ut nye verkemiddel for å effektivisera lisensfellinga av jerv.

Årdal/Lærdal: Seks prosjekt fordelt på nesten heile landet er med i prøveordninga, som skal vare fram til 15. februar 2018. Ein av desse stadene er i Sogn og Fjordane. 

– Eg ønskjer å prøva ut nye tiltak for å få lisensfellinga meir effektiv. Dette for at bestanden skal regulerast mest mogleg av ordinære jegerar og for å stimulera til høgare deltaking under lisensfellinga, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft i ei pressemelding frå departementet.

Stortinget har bestemt at lisensfelling skal vera hovudverkemiddelet i bestandreguleringa av jerv. Lisensfellinga har førebels ikkje vore effektiv nok til å halde jervebestanden på det nasjonale bestandsmål for jerv som er 39 årlege ungekull.

Klappar i hendene

Ole Bjarne Hovland, leiar i Naddvik beitelag klappar i hendene og takkar og bukkar for endringane.

– Det er klart dei metodane me har hatt for å jakta på jerv har vore ganske håplause. Kommunen har vore velvillig med å gi oss scooterløyve til å køyra inn åte, så me har vore heldigare enn i nabokommunane.

– Me må berre takka og bukka for den opninga som er gitt med bruk av lys og elektronikk slik at ein slepp å sitja der. Ein skal jo sjekka to gonger for dagen, og det er ganske håplaust i fjellet. Me prøvde i vinter med slikt kamera, men utan at fella var aktiv, og det gjekk ikkje. Viltkameraet tolte ikkje vêr og vind i fjellet, seier Hovland.

Ikkje frakt av jegerar

I Indre Sogn har dei vore svært delaktig i å utarbeida desse endringane, men framleis er det ikkje lov å frakta jegerar på snøscooter til jaktområda, noko Hovland gjerne hadde sett også var med i prøveordninga,

– I eit prøveprosjekt kunne dei opna for dette, men det sit nok langt inne, så det er vanskelig å gjera noko med. Eg meiner det er ganske vesentleg. Ein kan ikkje gå på ski dit.

– Det må vera lov å få ein viss dispensasjon for å frakta inn folk slik at dei slepp å slita livet av seg. Og så er det jo færre jegerar som er interessert når det blir så vanskeleg, forklarar han.

Framleis skeptisk

I vinter vart det ikkje teken ein einaste jerv i lisensfellinga. I fjor vart over 600 sau i Årdal og Lærdal teken av jerv. Til no kan Hovland melde at ingen er tekne, men han er skeptisk.

– Fordi dei jervane som er tekne ut er ein hanjerv i Utladalen og ei tispa, som var ein unge frå året før. Det som var av oss i fjor sommar måtte vera ei drektig tispa. Det er unormalt at jerven byrjar i juli og held på heile sommaren.

– No kjem det inn meldingar om spor frå fleire relativt oppegåande fjellfolk frå området vårt. Eg er veldig skeptisk sjølv om det har vore stille til no. 

Skånsam jakt

Departementet har motteke søknader om praktisk utprøving i fleire fylke, blant anna Sogn og Fjordane. Med desse nye forskriftsendringane kan lisensjegerar følgja opp åte til jerv og jervebåsar på ein meir effektiv forutsigbar måte.

Det blir mellom anna lagt opp til at jegerar raskare skal kunna ta seg ut til båsen om det har gått jerv i han eller det har oppstått ein situasjon som krev tilsyn.

– Eg ønskjer å leggja til rette for ein mest mogleg skånsam jarkutøving. Eg meiner dei vilkår me har sett for åtejakt og bruk av fangstbås vil kunna føra til ein meir effektiv og ein etisk forsvarleg fangast av jerv, seier Sundtoft.

Følgjande forskriftsendringar er på plass:

  • Forskriftsendringane som gjeld bruk av kunstig lys under åtejakt på jerv.
  • Forskriftsendringane som gjeld bruk av snøscooter ved uttransportering av åte, åtebu og fangstbås for jerv.
  • Prøveordning med bruk av kameraovervaking/elektronisk overvaking av fangstbås for jerv, med strenge vilkår for gjennomføring.
  • Prøveordninga varar tre år frem til 15. februar 2018.
Til toppen