Opnar hotell for hundar

Kvifor skal ikkje hunden få ferie, om du skal bort? Til våren opnar Fjord og Fjell Hundehotell i Fardalen i Øvre Årdal.

Owen Robson er i full gang med planane. Han skal bygge eit nytt hundehotell i Fardalen i Øvre Årdal. Planen er å opne i mai neste år. 

GLAD I FJELLET: Owen Robson i Reinheimen Nasjonalpark i Møre og Romsdal.
GLAD I FJELLET: Owen Robson i Reinheimen Nasjonalpark i Møre og Romsdal.

Tanken er at hundehotellet skal vera ein plass du kan sende hunden din om du skal bort på ferie, sjukehus eller av ulike årsakar skal bort. 

Ein plass for aktive hundar

– Eg likar sjølv ikkje å forlate mine eigne hunder, og vil at dette skal vera ein stad som eg har lyst å la hundane mine vera att, seier Robson.  

Er det ein ting han ikkje likar, er det hundepensjonat der hundane er inngjerda på eit lite område kor dei står og bjeffar. Slik vil han ikkje ha det.

Robson er frå England, men han starta å kome til Norge for å jobbe sommarane alt som student. Dei siste ti har han budd på vestlandet saman med kjærasten Elizabeth Bell. Begge har falle for naturen og livsstilen her. Dei har eit barn og tre hundar. No bur dei i Sogndal, fram til dei kjem på plass i Fardalen. 

Artikkelen held fram under bilete

 PÅ TUR: Anja og Milton på Stadtlandet (Vestkapp)
 PÅ TUR: Anja og Milton på Stadtlandet (Vestkapp)

– Kvifor hundehotell?

– Dette er noko eg har ønska å gjere i fleire år. I tillegg har eg teke hand om fleire omplasseringshundar. Eg har sett fleire plassar rundt om i Noreg som har gjordt noko liknande. Då eg flytta til Sogndal, såg eg kor populært det var der, men eg har ikkje ønska å vera i direkte konkurranse med nokon. No var tidspunktet riktig, fortel han.

For om lag eitt år sidan, la hundepensjonat i Sogndal ned drifta. Robson har undersøkt med folk, og fortel at det er nok av folk som trenger eit slikt tilbod i området. Då Bell jobbar i Øvre Årdal og dei ville finne seg ein roleg og fin plass, tett på naturen og fjella, enda dei opp i Fardalen. 

– Det er ikkje lett å finne ein plass som gir oss alt me treng. Det har me no. Dette er ein bra plass for hundande, seier han entusiastisk. 

Meir livsstil enn jobb

Paret står på ski, elvepadlar, spring og likar det meste som involverar å vera i fjellet. Robson planlegg å reise på mange turar med hundane som er der på feriekoloni. 

– Hundar so bjeffar er rastlause fordi dei ikkje har sliti seg ut. Eg likar å gå turar, alle skal på tur kvar dag og få ekstra merksemd. Eg vil læra dei triks, ha det sosialt, koseleg og så artig som det kan bli for ein hund. Det skal vera som heime, seier han.

Robson kome fram til at han vil starte med ni til ti hundar i første omgang. På sikt vil han også bruke nettsida til hundehotellet, for å legge ut bilete og video av hundane og livet dei lever i Fardalen, då han har bakgrunn som fotograf. 

– Eg vil gjera dette på ein god måte, så utvide steg for steg om det er behov for det, fortel han. 

Hundane Finley, Anja og Milton på veg mot Fimreite
I PAKT MED NATUREN: Hundande Finley, Anja og Milton er ikkje så opptekne av kameraet. Dei er på tur til Fimreite, med fjellena Skriki 
og Storaskriki i bakgrunnen. Foto: Owen Robson

Heilt topp

Jon Berg, leiar i Årdal hundeklubb er positiv til tilbodet om hundehotell.

– Dette er heilt topp. Det blir lettare å plassera hunden for oss som bur her og me slepp å reisa så langt. Då blir det mindre stress både for eigar og hund. Det mest viktige er at hunden har det greitt. Det er trass alt eit familiemedlem, seier Berg. 

Vidare seier Berg at det er hard konkurranse, og han håpar folk her vil bruke tilbodet. 

– Eg kjem nok til å nytte meg av det sjølv om eg skal noko. All æra til dei som vil dette for det er mykje arbeid og ansvar, seier han. 

Til toppen