LEGE: Legevaktsatelitten vil vere lokalisert på legekontoret i Høyanger som ligg på Høyanger sjukeheim.
LEGE: Legevaktsatelitten vil vere lokalisert på legekontoret i Høyanger som ligg på Høyanger sjukeheim. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

Opnar legevaktsatellitt neste veke

Måndag startar Høyanger kommune opp legevaktsatellitten som skal gjere det lettare å få legevakthjelp dersom det ikkje er akutt.

Høyanger: – Me får inn viktig akuttkompetanse i heile organisasjonen med dette ved at det hevar kompetansen til sjukepleiarane som elles er med i den vanlege drifta, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Ingun Indrebø. 

15 sjukepleiarar deltek i ordninga, og pilotprosjektet skal gå over tre år. Sjukepleiarar frå Kyrkjebø sjukeheim, Høyanger sjukeheim og open omsorg i Høyanger er med på prosjektet. Dei har teke ei rekkje kurs innan akuttmedisin for å kvalifisere til det. I tillegg har dei hospitert på legevakten i Førde, fortel Indrebø. 

Legevaktsatellittordninga skal vere eit suplement til den ordinære legevaktordninga. Den er organisert under Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt, og startar opp måndag 9. desember, skriv Høyanger kommune på heimesida.

Utfordrande og spanande

Indrebø trur det vert både utfordrande og spanande å gjennomføre prosjektet. Det er utanfor kontortida satellitten skal avlaste legevakten i Førde, men det er også då kommunen har den mest sårbare bemanningssituasjonen. 

– Det vert utfordrande i ein travel kvardag, men me håpar dette tilbodet også kan hjelpe å rekruttere fleire sjukepleiarar som ønskjer å jobbe meir med akuttmedisin, seier Indrebø. 

Må øve jamnleg

Ho fortel at det vert viktig at alle som deltek i prosjektet også passar på å øve jamnleg på  det faglege for å oppretthalde kompetansen dersom det vert periodar med lite trøkk på legevaktsatellitten. 

Pasientar må framleis nytte det vanlege legevaktnummeret, og det vil bli vurdert kvar ein skal reise når ein ringjer det. 

Teknologiske løysingar vert tekne i bruk i den nye ordninga. Det er sjukepleiarar som arbeider på legevaktsatellitten og dei arbeider saman med legar på legevakten i Førde via videosamtale.

Til toppen