FØREDRAG: Fylkesrådmann Tore Eriksen heldt føredrag for stortingsbenken. Han synast dette er eit godt steg i riktig retning. Foto: arkiv
FØREDRAG: Fylkesrådmann Tore Eriksen heldt føredrag for stortingsbenken. Han synast dette er eit godt steg i riktig retning. Foto: arkiv (Foto: Oskar Andersen)

Opnar opp for fleire oppgåver

I innstillinga til Stortinget går kommunal- og forvaltningskomiteen no lenger i å stadfeste at nye oppgåver kjem. 

Sogn: Det er regjeringas mål å gjennomføre kommunereformen og regionreformen samtidig, slik at både nye kommunar og nye folkevalde regionar kan tre i kraft frå 1. januar 2020.

Regjeringa meiner Noreg bør delast inn i om lag ti nye regionar, og det har vore mykje merksemd rundt forventa oppgåver til dei nye regionane.

Dei nye regionane vil få ansvar for fylkesvegadministrasjonen og integreringsarbeid om stortinget før kommunal- og forvaltningskomiteen si tilråding.

I tillegg ber komiteen om at eit ekspertutval skal foreslå ytterlegare nye oppgåver til regionane.

- Dette er kanskje meir enn vi kunne forvente, all den tid strukturar og regionsgrenser framleis er heilt uavklarte, seier fylkesrådmann Tore Eriksen, i samband med sitt føredrag for stortingsbenken frå Sogn og Fjordane i Førde 3.juni.

Han legg til at dette er eit godt steg i riktig retning.

Nye tilrådingar

I innstillinga til Stortinget går komiteen no lenger i å stadfeste at nye oppgåver kjem. Komiteen tilrår at Stortinget set ned eit ekspertutval som skal foreslå ytterlegare nye oppgåver til regionane når regionsstrukturen er fastlagt, og seinast våren 2017.

Dei ynskjer at Stortinget skal be regjeringa om at administrasjonen av fylkesnettet vert underlagt dei nye regionane. Samt styrke nytt regionalt nivå si rolle i integreringsarbeidet, i samband med sysselsetting og utdanning/kompetanseheving.

I innstillinga ber komiteen om at ansvar for tilskot til ikkje-statlege flyplassar, oppgåver som ligg innanfor innovasjon Noreg og ansvar for fagskulane skal ligge til det regionale folkevalde nivået.

Innstillinga vart lagt fram 2.juni og saka skal behandlast i Stortinget 8.juni, kjem det fram i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Eit fleirtalsframlegg frå komiteen gjer det sannsynleg at Stortinget vil følgje tilrådinga.

 

Til toppen