STENGT: Gudvangatunnelen på E16 i Aurland opnar onsdag for kolonnekøyring for tunge køyretøy. Foto: Webkamera/ Statens vegvesen
STENGT: Gudvangatunnelen på E16 i Aurland opnar onsdag for kolonnekøyring for tunge køyretøy. Foto: Webkamera/ Statens vegvesen

Opnar opp for kolonne gjennom Gudvangatunnelen

Frå onsdag opnar Statens vegvesen for kolonnekøyring for tunge køyretøy gjennom Gudvangatunnelen på E16.

Aurland: Onsdag føremiddag opnar Statens vegvesen for at køyretøy over 7.5 tonn, utan passajerar, kan køyre kolonne på strekninga gjennom Gudvangatunnelen på E16. Første kolonne frå Flåm går klokka 11.30, onsdag 19. august. Etter behov får også utrykkingskøyretøy nytte tunnelen. 

Kolonnar fire gongar i døgnet

– Me ser at det no er forsvarleg å sleppe noko trafikk forbi ulykkesstaden i tunnel der arbeidet med reparasjon er i full gang etter brannen sist tysdag, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen Svenn Egil Finden i ei pressemelding.

Fram til søndag vil det bli opna for kolonnar fire gonger i døgnet frå kvar side av tunnelen. Kolonnar frå Flåm vil gå klokka 5, 11.30, 18 og 24. 

Kolonna køyrer i retur frå Gudvangen til Flåm rett etter følgebilen har snudd i Gudvangen. 

Vil stenge tunnelen att

I starten på neste veke vil tunnelen bli heilt stengt att i nokre dagar på grunn av sprøyting av ny betong på veggar og tak. Statens vegvesen vil koma attende med meir informasjon om kva dagar dette blir. 

Mot slutten av neste veke blir det teke nye vurderingar om kolonnekøyring og vidare trafikk gjennom tunnelen. Statens vegvesen tek atterhald om at det kan skje endringar på kort varsel.

Vegvesenet tilrår at trafikantar nyttar omkøyringsvegane Rv 7 over Hardangervidda og Rv 55/13 Sogndal-Hella/Vikafjellet inntil vidare. 

Ifølgje Bergens Tidende har reiseselskapet The Fjords sett inn ei ekstra bilferje mellom Flåm og Gudvangen, for å redde resten av turistsesongen. Den har kapasitet til å frakte kring 80 turistbussar om dagen og er opne for privatbilar og varetransport. 

Oppdaterte trafikkmeldingar får du her.

Til toppen