Årdal: Måndag kjem lensmannskontoret i Årdal til å halde ope ekstra lenge for å behandle pass.
Det skriv lensmannskontoret på si Facebook-side.
– Då er det berre å kome, men hugs på å ha med gamalt pass eller anna ID, skriv dei og ber folk hugse på at det er spesielle reglar for barn.
– Begge foreldra skal samtykke, skjema finn de på politiet.no. Barn under tre år skal dykk ta med fotografi av når de kjem hit.