TELT: I dette teltet skal du køyre inn med bil viss legekontoret har henvist deg for testing.
TELT: I dette teltet skal du køyre inn med bil viss legekontoret har henvist deg for testing. (Foto: Høyanger kommune)

Opnar provisorisk luftvegsklinikk og har sett opp prøvetelt

Høyanger kommune opna torsdag ein provisorisk luftvegsklinikk der NAV held til. Utanfor er det sett opp prøvetakingstelt.

Høyanger: Høyanger kommune har onsdag etablert ein eigen «luftvegsklinikk» i NAV-bygget i Elvegata 22, melder ordførar Petter Sortland (Ap).

Dette vert gjort for å sende pasientar med luftvegssymptom til eit eige «legekontor» og slik redusere smitterisiko, både hos legar, anna helsepersonell og pasientar. I tillegg sparer kommunen på smittevernutstyr. 

Dei som treng legehjelp skal ringje legekontoret som vanleg. Dei tilsette der vil så avgjere kvar ein skal møte, ifølgje ordføraren. 

Eige prøvetakingstelt

På parkeringsplassen utanfor Elvegata 22 er det sett opp eit eige prøvetakingstelt, melder Sortland. Der skal pasientar køyre bilen inn i teltet og sitje i bilen medan det vert teke prøve. 

Det skal berre takast prøvar etter avtale med legekontoret. Kommuen har eit avgrensa tal med prøvekit og prioriterer difor strengt førebels. 

– Vi har bestilt og fått lovnad om fleire kit i løpet av kort tid, melder Sortland. 

Han skryt av dei tilsette i kommunen. 

– Dei gjer ein framifrå jobb i ein heilt ekstraordinær situasjon. 

Framleis berre éin kjend smitta

Ifølgje kommunen er det framleis berre éin kjend smitta. Det vart måndag kjend at ein tilsett i helsevesenet i kommunen var smitta av koronaviruset. 

Dette førte igjen til at 11 kollegaer tysdag kom i karantene. 

– Det pågår prøvetaking, men vi må prioritere kven vi testar. Vi gjer alt for å hindre og førebyggje smitte. Har du symptom må du halde deg heime frå jobb, og ringje legekontoret ved forverring, skriv kommunen på heimesida.

 

 
Til toppen