Høyanger Sørside: Vegen mellom Hest og Ikjefjord opnar for fri ferdsel klokka 9.
Det stadfestar Vegtrafikksentralen til Porten.no.
– Geolog har vore på staden, og fylkeskommunen meldte klokka 08.55 at vegen blir opna, seier trafikkoperatør Tom Hansen.
Ordførar Petter Sortland opplyser til Porten.no at det ligg mykje stein i fangnettet over vegen.
Porten.no oppdaterer saka.