Balestrand: Laurdag slo Balestrand to fluer i ein smekk. Ikkje berre gjekk Balestrand opp av stabelen, men det var òg duka for offisiell opning av den nye dagsturhytta Balabu.
Etter premieutdelinga for løparane som sprang Balestrand opp, blei det snorklipping og konsert på dagsturhytta på Balastølen.
Ungdomsskuleelevane ved Sagatun ga ordføraren ei øks med namna sine på. Denne ga han vidare til grunneigar Vebjørn Bale som fekk æra av å hogge over silkesnora.