Opningsdato klar for Tya bakeri

Opningsdato klar for Tya bakeri

Det har lenge vore sakna eit bakeri, samt meir liv i Årdal. No har Linda Borlaug starta opp Tya Bakeri, som skal levere ferskvarer til årdølene, samt turistar. Åpningsdatoen er satt, og dei står i full sving for å få opne til den offesielle datoen. 

­­Offesiell åpningsdato

–Me har satt ein offesiell åpningsdato, som er den 27. Juni. Då skal alt vere ferdig, og me skal vere klare til å ta i mot kundar. Det er mykje folk i sving som hjelpe oss fram mot åpningen, fortel Linda Borlaug.

Ho har lenge hatt ein draum om å tilby noko ferskt i Årdal. Sidan eit bakeri har vore etterspurd, tenkte ho, kvifor ikkje? Tya Bakeri vil tilby ferske varer, utan tilsetningsstoff og ferske varer. I og med at me nordmenn et så mykje brød me gjer, er eit godt brød som viktig. Brøda ein får kjøpt på daglegvarebutikkane er sjeldan ferske, samtstundes som dei også er tilsett stoff slik at holdbarheten skal bli betre.

Nybaka kanelbollar av Tya bakeri.
Nybaka kanelbollar av Tya bakeri.

Henta inn dyktige bakarar, for litt ekstra hjelp

For å få litt hjelp, har det kommet to bakarar som skal hjelpe Tya Bakeri i byrjinga. Kristian Magnus Sie Skogstad er ein dyktig bakar, som skal skape flott signaturbakst i bakeriet dei fyrste månadane. André Løvaas skal derimot ta i bruk lokale råvarer, for å skape litt meir særeigna verk. Blant anna skal han prøve seg på malt frå Årdal Bryggeri, for å lage ølbrød.

9. juni var det prøvesmaking på torget, det nye utstyret skulle innkøyrast, og derfor blei det delt ut smaksprøvar. Her blei det blant anna servert ferske kanelbollar, brød og øl frå Årdal Bryggeri. Mange årdøler møtte opp for å smake på ferskvarene det vart servert, og dei fekk god respons.

Bakaren Kristian Magnus i aksjon for å skape flott signaturbakst.
Bakaren Kristian Magnus i aksjon for å skape flott signaturbakst.

 

Vil skape ny møteplass

Huset er blitt omgjord til eit bakeri, forandringane er store og maskinene heilt nye. Tya Bakeri skal levere ferske varer, samt varer med lokalt preg, som ølbrød og bakeverk med lokale bær. 

Linda legg til at ho håpar ho kan skape ein møteplass, der ein kan setje seg ned med ein kaffi i eine hånda, og  ein fersk kanelbolle i den andre. Ho håpar også på at årdølene, men også turistar set pris på bakeriet, og gjerne tek ein tur innom. 

 

Til toppen