Opp for Flåmsbana, ned for E-CO energi
(Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Opp for Flåmsbana, ned for E-CO energi

"Verdas vakraste togreise" er populær som aldri før, låge kraftprisar førde til nedgang i resulatet for E-CO første halvåret.

Aurland: Flåmsbana har til no i år hatt 18 prosent fleire reisande enn i fjor. Selskapet Flåm Utvikling, som driv trafikken på bana, hadde i fjor eit årsresultat på 62, 9 millionar kroner før skatt, skriv Bergens Tidende.

Samstundes gjorde lågare salsprisar for kraft at resultatet etter skatt for E-CO Energi vart 57 millionar kroner lågare første halvår i år samanlikna med første halvår i fjor. Framleis tener verksemda godt; 293 millionar kroner blei resultatet etter skatt første halvår 2016.

Større produksjon

E-CO Energi oppnådde ein gjennomsnittleg salspris på 23,8 øre per kWh første halvår, som er vel 2 øre lågare enn første halvår i fjor og 11 prosent høgare enn områdepris. 

–  Etter fleire års trend med nedadgåande kraftprisar må ein venta at det positive inntektsbidraget frå kraftprissikring no blir lågare, seier administrerande direktør Tore Olaf Rimmereid i ei pressemelding.

Han legg til at han er svært nøgd med ei god og stabil drift og høg produksjon i konsernet sine kraftverk i halvåret. Første kvartal var produksjonen monaleg høgare enn i 2014 og 2015, andre halvår var produksjonen noko høgare enn i 2015 og noko lågare enn i 2014.

Tala gjeld altså for heile E-CO-konsernet. Kraftanlegga i Aurland kommune står for ein produksjon på mellom 2500 og 3000 GWH årleg. 

Til toppen