DIESEL: Bilete er frå 2013 og syner utsleppet som var då.
DIESEL: Bilete er frå 2013 og syner utsleppet som var då. (Foto: Privat )

Oppdaga dieselutslepp i aureelv, leiar i Fiskeforening: – Viktig å varsla

Det seier leiar i Årdal Jeger og Fiskeforening, Vidar Moen, om utsleppa.

Årdal: Fredag fekk Moen melding frå ein fiskar om at det var dieselsøl i Utlaelva i Årdal. Dette har hendt tidlegare i 2013. 

I ein Facebook-post la Moen vekt på kor viktig det er å varsla dersom ein oppdagar slikt. 

– Dersom det er andre som har sett noko ber vi om at ÅJFF vert varsla. Dette har hendt nokre gonger tidlegare, men kjelda blei ikkje funnen, skreiv han i Facebook-posten. 

Trur ikkje dette er gjort med vilje

FRUSTRERT: Leiar i ÅJFF, Vidar Moen, understrekar at folk må gje beskjed om utslepp i elva. Foto: Arkiv

Moen seier til Porten at syndaren mest truleg ikkje er klar over utsleppa sjølv.

– Eg trur ikkje nokon har gjort dette med vilje. Det kan ligga eit avløpsrøyr heilt nede ved elvekanten, og utsleppet kan pågå ei stund utan at den som forårsakar det er klar over det. 

Han kan ikkje få understreka nok kor viktig det er at det blir gjeve beskjed når ein oppdagar utslepp. 

– Vår oppgava er å gje beskjed og me forventar at det blir teke tak i. Både diesel og olje er dødeleg for fisk, så me hjelper både fisken og den som forureinar ved å varsla, seier han.

Fiskaren fekk ikkje varsla fort nok

Fiskaren som oppdaga oljesølet før helga hadde ikkje moglegheit til å varsla med ein gong.

– Han kjende diesel og oljelukt heilt nede mot Årdalsvatnet i bukti. Han fekk olje på fiskeutstyret sitt, men hadde ikkje mobil så han fekk ikkje varsla.

Dermed fekk Moen beskjeden fleire timar seinare. 

– Då er det eigentleg for seint.

Dess fortare dei får beskjed, dess større er sjansen for å finna kjelda til utsleppet.

– Då vil me sjå kor det kjem frå, finna ut av det, gje beskjed til vedkomande, og så kan me finna tiltak for å få stoppa det, og hindra at det skjer igjen.

Håpar fleire vil gje beskjed

Utslepp i elva har skjedd gjentatte gonger den siste tida.

– Det går jo utover fisken. Akkurat no om sommaren når elva er stor er det ikkje så farleg. Skaden vert ikkje så stor då, men om vinteren kan det få katastrofale følger. Kjem det oljeslepp medan elva er lita så døyr mykje fisk i det området. 

No håpar Moen fleire vil gje beskjed når dei ser utslepp i elva.

– Me er generelt lite flinke å varsla, og når ein pratar om det seinare høyrer ein fleire som har sett det. Difor skreiv eg Facebook-posten, folk må gje beskjed. 

Til toppen