Årdal: Damstuen Forthun er 24 år og er frå Lærdal. Utanom å vera lærling som møbelsnekrar på Kaupanger, går ho mykje turar saman med hunden Tyra.
Nyleg gjekk turen til Utladalen i Øvre Årdal. Der støtte ho på Høljafossen.
– Me elskar å finna nye plassar på tur, slik som dette. Det er berre heilt nydeleg, seier 24-åringen til Porten.no.
Ho er ein aktiv turgåar og på ein dårleg dag, er det ingenting som slår naturen i Sogn.
– Det er stort sett dette dagane går til, og det trivast eg veldig godt med. På ein dårleg dag, er dette balsam for sjela.