TRENAR I LAG: Arne Werge-Olsen (t.h) fortel at han og sonen, Knut (t.v), ofte trenar saman i helgene. I jula trente dei saman kvar dag.
TRENAR I LAG: Arne Werge-Olsen (t.h) fortel at han og sonen, Knut (t.v), ofte trenar saman i helgene. I jula trente dei saman kvar dag. (Foto: Privat)

Oppdaga talentet til sonen då dei sprang om kapp på ein molo i Tyskland

No, to år seinare, drøymer Knut Werge-Olsen om å vinna den aldersbestemte norgesmeisterskapen. Denne måndagen fyller han femten år.  

Årdal: Det siste året har Knut Werge-Olsen gjort det stort som sprintar, og teke ei rekkje medaljar på stemne rundt om i landet. Faren til Knut, Arne Werge-Olsen, er i skrivande stund (sundag 7. januar) i Drammen for å sjå sonen delta.

– Det er veldig spennande og moro å sjå utviklinga Knut har hatt. Eg dreiv sjølv med friidrett når eg var ung, fortel han. 

Oppdaga talentet då uvêret kom over tyskekysten

Når oppdaga du at Knut var eit stort sprinttalent?

– Det må vere for omlag to år sidan. Me var i Tyskland med service på bilen som me tok som ein liten ferietur. Så me reiste ut mot kysten, langs ein molo.

Då vêret brått begynte å bli skikkeleg ruskete fann dei ut at dei skulle kappspringe langs moloen.

– Knut var tolv år på den tida, og eg tenkte at eg skulle klare å slå han. Men der tok eg feil! Eg klarte aldri å kome forbi han, og tenkte at dette var noko me måtte utnytte, fortel han.

Eit halvt år seinare tok faren med seg Knut til Hardanger på sitt første stemne, i håp om å bli kvalifisert til til Ungdomsleikane i Bergen. 

– Der kom han på tredjeplass på 100meter, og då fekk me bekrefta at han faktisk var ganske "ålreit" til å sprinte, fortel han.

Vil satse på sprint

Planen er å satse for fullt på 60-, 80-, 100- og 200-meter sprint framover. 

– Det er det han driv med no og det han er best på, forklarer far Knut. 

Har de nokre mål framover? 

DELTATT I VERDSMEISTERSKAP: I sommar deltok Knut på eit internasjonalt meisterskap i Gøteborg, og gjekk rett til A-finalen som einaste nordmann. Foto: Olav Terum

Målet er vel å delta på ulike store stemne. Vi har vore i byar som Bergen, Oslo og Hamar. 

Det er eit veldig godt miljø innan friidretten, og det har blitt godt vennskap mellom Knut og dei han plar konkurrera mot.

– Å konkurrere er heilt topp. Det er morosamt å treffe igjen dei andre sprintarane, då tek me gjerne ein prat.

Han tykkjer reisene er lange, men at det er veldig kjekt å koma fram. 

– Og så yter eg alltid det beste eg har å gje på stemnet. 

I framtida ynskjer han å vera med på større stemne, der han kan få endå hardare konkurranse.

– Målet er jo å vere blant dei beste. I februar skal me vera med på eit kjempestort stemne i Oslo som heiter Tyrvinglekene. I tillegg skal Knut delta på aldersbestemt norgesmeisterskap, UM, i mars, seier far Arne. 

Knut fortel at draumen er å vinne UM. 

– Då må eg trene hardt. Når eg blir eldre har eg sjølvsagt lyst til å delta i VM, fortel han. 

Knut vert femten år måndag 8. januar, så dette er første året han har lov til å vera med på Noregsmeisterskapen. 

Trenar saman

Arne pendlar til Bremanger i vekedagane, men trener saman med sonen så ofte som råd i helgene. 

– Me trener mykje på bana i øvre, eller på tredemølla i kjellaren. Det blir mykje sprinttrening, så da har me oppvarming og korte intervallar med høg intensitet.

Dei trenar òg spenst med hekk eller i trapper.

I tillegg trener Knut med friidretten til Il Jotun i Øvre Årdal, som er ein gong i veka. Der er det Rigmor Skrede og Merete Moen som styrer.

Knut fortel at treninga går veldig bra, og at han trivest. 

Til toppen