Sjølv med målretta arbeid for å forhindre det, må Osland Havbruk no redusere produksjonen.
Sjølv med målretta arbeid for å forhindre det, må Osland Havbruk no redusere produksjonen. (Foto: Osland Havbruk)

Oppdrettaren tykkjer raud sone-status er urettvis: – Me blir dregne med i dragsuget

Det seier Erik Osland, frå Osland Havbruk. Sjølv om han meiner dei har følgt reglane, blir dei straffa med å måtte redusere produksjonen.

Ytre Sogn: Tysdag opplyste regjeringa at dei krev redusert produksjonskapasitet ved oppdrettsanlegg i to område langs norskekysten, i eit forsøk på å minske presset på villaksen frå lakselus.

Rundt 140 anlegg, deriblant lakseoppdrettarane i Sognefjorden, blir råka. Departementet vil gjera ein ny vurdering om to år.

– Me veit endå ikkje konsekvensane av dette. Me gjer så godt vi kan, og vår jobb no er å bli betre. Held det fram slik, blir det ikkje noko morosamt, seier lakseoppdrettar Erik Osland, dagleg leiar i Osland Havbruk.

Blir dratt med

Osland har enno ikkje lese rapporten, men skal i fleire møte framover for å finne ut kva dei skal gjere. For to år sidan hamna dei i gul sone, noko som ville ha medført krav om null vekst.

Osland meiner dei har følgt lovene og jobba målretta for å ikkje hamna i raud sone. Difor tykkjer han situasjonen er urettvis.

– Det blir ei kollektiv avstraffing. Me blir dregne med i dragsuget, seier han. 

Vil påverka både produksjon og bemanning

Ola Braanaas i Firda Seafood Group er heller ikkje nøgd med vedtaket. I ein e-post opplyser han at selskapet no jobbar for å finna måtar å redusera kostnadar, noko som i neste omgang vil påverka både produksjonen og bemanninga.

Dei vil óg vurdera på nytt framtidige investeringsplanar. 

– Me kan diverre ikkje lengre sjå at me har politiske rammevilkår som er nødvendig og føreseieleg for den utviklinga me har sett for oss, skriv Braanaas i ein e-post til Porten.no.

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen