FØRSTE DOKUMENTASJON: Ei forskingsgruppe har komme fram til at oppdrettsanlegg er hovudkjelda til spreiing av lakselus.
FØRSTE DOKUMENTASJON: Ei forskingsgruppe har komme fram til at oppdrettsanlegg er hovudkjelda til spreiing av lakselus. (Bilde: Foto: Kent Skibstad/NTB scanpix/NPK)

Ny rapport: Dette er hovudkjelda til spreiing av lakselus

For første gong er det dokumentert at oppdrettsanlegga er den kjelda som spreier mest lakselus lang norskekysten. Det kjem fram i ein ny rapport. 

NPK: I ein ny rapport utarbeidd av forskarar ved NTNU i Ålesund, Sea Line Centre ved UiB, Patogen, Nina og Havforskingsinstituttet, blir det dokumentert at oppdrettsanlegga er hovudkjelda til lakselus langs norskekysten.

Forskarane har undersøkt lakselus frå oppdrettsanlegg, frå villaks og frå sjøaure. Dei har funne at genmutasjonen, som gjer lusa resistent mot stoffet organofosfat i avlusingsmiddel, er like vanleg blant vill sjøaure som blant oppdrettsfisken.

– Den einaste gode forklaringa på dette er at oppdrettsfisk over tid har vore den einaste dominerande kjelda til lusesmitte i område med mykje oppdrett. Dersom mesteparten av smitten hadde komme frå villaks i desse områda, hadde vi ikkje sett så høg frekvens av den resistente genmutasjonen hos lus frå villaks, seier Kevin Gloover, som er forskingsgruppeleiar ved Havforskingsinstituttet, til Dagens Næringsliv (DN).

Til toppen