DRAMATISK: I år vil det kome 4400 einslege mindreårige flyktningsborn som har eit stor behov for ein fosterfamilie. No etterlyser ordførar Jan Geir Solheim folk til å melde seg som fosterforeldre. Foto: Arkiv. 
DRAMATISK: I år vil det kome 4400 einslege mindreårige flyktningsborn som har eit stor behov for ein fosterfamilie. No etterlyser ordførar Jan Geir Solheim folk til å melde seg som fosterforeldre. Foto: Arkiv. 

Oppfordra folk til å bli fosterforeldre

I året som kjem vil det vera eit ekstra stort behov for fosterforeldre i Noreg. 

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, har teke på seg rolla som fadder for fosterforeldre. 

– Eg skal vera ein pådrivar for å verve familiar til å ta imot fosterborn, seier Solheim til Porten.no. 

Enormt behov

Behovet for familiar til flyktningsborn vil bli enormt det kommande året. I fjor kom det 600 einslege mindreårige til Noreg. I år kjem talet til å auke til 4400. Alle desse borna treng fosterfamiliar til å ta vare på seg. 

– Behovet gjeld både norske born og flyktningsborn. Talet på dei norske er uendra, men talet på flyktningsborn har auka dramatisk. Difor må me setja inn ein del ressursar og prøve å verva fosterforeldre, seier Solheim. 

Les også: Asylmottak kan stå klart til sommaren 

No opplever kommune-Noreg eit ekstra stort trøkk på akkurat dette området. UDI har vore i kontakt med alle kommunane i Noreg og oppfordra dei no til å søkje folk som kan stille som fosterforeldre. 

– Utfordringa er stor. Men om ikkje me tek vår del, er det nokon andre om får ein større del, seier Solheim. 

– Ta samfunnsansvar

I år vil 4400 flyktningsborn trenge ein trygg heim i Noreg. 

– Eg veit ikkje om nokon fosterforeldre i Lærdal som i dag har teke imot flyktningsborn. Dei som no melder seg, er med på å ta eit stort samfunnsansvar, seier Solheim. 

I dag reiser asylsøkjarar og flytkningar til Sogndal for norskopplæring. Til hausten er det bestemt at Lærdal skal få eige norsksenter. Det er difor lyst ut to stillingar i kommunen som flyktningskonsulentar. 

– Språkbarrieren er det største hinderet når vi snakkar med folk om å vera fosterforeldre til flyktningsborn. Men denne problemstillinga vil bli lettare no når vi får norsksenter i Lærdal. 

Klar til å flytta inn

Lærdal har eit samstemt kommunestyre som ønskjer å ta sin del av ansvaret i flyktningskrisa, forklarar Solheim. 

Under kommunestyremøte førre veke, kom det fram at kommunen har kjøpt eit hus på Håbakken i Lærdal til 1,55 millionar kroner. 

– Huset er ferdig møblert og i god stand. Det er slik at ein kan flytta inn dit med ein gong. Dette kjøpet var veldig viktig for kommunen, sidan me kvar veke har folk som kontaktar oss om hus. Kven som flyttar inn, er endå ikkje bestemt, seier Solheim. 

Til toppen