LAUS PRAT: Ordførarane Jon Håkon Odd i Leikanger, Jarle Aarvoll i Sogndal og Harald Offerdal i Balestrand diskuterte vegen vidare etter at det i går vart kjent at dei mest truleg blir tvinga i hop. I dag kom stadfestinga.
LAUS PRAT: Ordførarane Jon Håkon Odd i Leikanger, Jarle Aarvoll i Sogndal og Harald Offerdal i Balestrand diskuterte vegen vidare etter at det i går vart kjent at dei mest truleg blir tvinga i hop. I dag kom stadfestinga.

Oppgitt ordførar fekk oppdateringar gjennom media og eigen varaordførar

– Det er symptomatisk for heile prosessen at informasjonen er så mangelfull som han er.

Sogndal: Leikanger, Balestrand og Sogndal er på lista over åtte storkommunar i landet som blir slått saman trass motvilje frå minst èin av partane. Det har Porten.no i dag fått stadfesta i ein SMS frå forhandlingsleiar Helge Andrè Njåstad i Frp.

Sjølv om det har vore ei sanning i fleire dagar, er dette første gong det har blitt stadfesta frå nokon som faktisk sat ved forhandlingsbordet. Ei heller på pressekonferansen i dag tidleg vart dei tvangssamanslåtte kommunane ramsa opp.

– Det er symptomatisk for heile prosessen at informasjonen er så mangelfull som han er, seier ordførar i Leikanger Jon Håkon Odd (Ap).

Les også: Ordføraren avbryt ferien, sjølv om samanslåinga ikkje er offisielt stadfesta

Etterlyser meir informasjon

Han er oppgitt over at dei gong på gong får vite meir gjennom media enn frå offisielt hald. Bruken av tvang opplever han som ei umyndiggjering av folkevilja.

– Er det èin ting denne prosessen har vist, så er det at det ikkje er våre interesser som blir ivaretekne av stortingsfleirtalet, seier han.

I tillegg til media har han hatt sine kjelder, mellom anna sin eigen varaordførar, Trude Risnes (V). Difor valde han i går å avbryte ferien for å møte sine to kollegaer i Balestrand og Sogndal til ei uformell samtale dagen derpå.

Les også: Stadfesta at kommunar bli slegne saman med tvang
Les også: Kommunereforma: Kan komme avgjerd i kveld

I knappe to timar sat dei tre ordførarane samla på kommunehuset i Sogndal. Mangelen på informasjon var ein av tinga dei tok opp.

– Vi vil ganske snart prøve å få til eit møte med dei som har teke beslutningane, slik at vi får vite meir om bakgrunnen for vedtaket, seier Odd.

Vil ikkje spekuklere i omkamp enno 

Dei siste dagane har han vorte ein gallionsfigur i nasjonale media for røystene som er sterkt kritiske til prosessen. Like kritisk er kollegaen i Balestrand, utan at han har vore like synleg. Det er framleis eit ope spørsmål om dei to kommunane vil prøve å reversere vedtaket.

– Det har ikkje vore diskutert i det heile tatt, me fekk vita dette i går, seier Harald Offerdal, ordførar i Balestrand.

 – Me vil ikkje føregripa det som skjer i kommunane no, av respekt for våre eigne politikarar. Det er ikkje me som skal avgjera kva som skjer vidare, det er kommunestyra som er våre øvste organ, seier han.

Kollega Jon Håkon Odd i Leikanger understrekar at det er eit hypotetisk spørsmål, som fordrar ei anna samansetning på Stortinget og eit anna fleirtal enn i dag. Men stortingsvalet til hausten gjer likevel at partane ikkje kan låse seg før stemmesedlane er talte.

– Det er viktig å få den avklaringa før vi set full fart for å byggje eit sterkare Sogn, seier Odd.

Trur reforma vil styrke Sogn

Bjørn Lødemel (H) sit i kommunalkomitèen og kjem såleis til å vere tett på den vidare handsaminga av kommunereforma utover våren. Han kan til ei viss grad forstå frustrasjonen hos dei tre ordførane i Sogn.

– Særleg for dei kommunane som ventar på ein slik beskjed, så er det alltid eit stort behov for å vite meir. På same tid har det vore forhandlingar mellom tre og fire parti, så det har vore noko usikkerheit rundt kva som kom til å skje. Difor kom informasjonen slik han gjorde, seier Lødemel.

Høgrepolitikaren seier han har hatt dialog med dei tre sognekommunane tidlegare og kjem til å bistå dei framover om dei ønskjer det. Når det gjeld samanslåinga meiner han den er heilt naudsynt. 

– Rundt om i landet, òg i Sunnfjord, så er det mange som riggar seg for å ta imot nye statlege oppgåver. Eg trur det er avgjerande å få ein sterk region i Sogn for å sikre utvikling og styrking av dei viktige fagmiljøa der. Det forsvarar bruk av tvang i dette tilfellet, men eg innrømmer at det hadde vore mykje betre om det var frivillig, seier han.

Han minner samstundes om at over hundre kommunar har gått saman frivillig og kallar reforma ein suksess i så måte.

– Men, vi har sagt at vi vil vurdere tvang i enkelttilfelle og det er det som har skjedd her. Eg håper dei tek det konstruktivt og startar på blanke ark når dei får rista av seg skuffelsen, seier Lødemel.

Til toppen