MARATON: Dei sju terrasseleiligheitene skal kome i det eksisterande bustadfeltet på Fretheimshaugane i Flåm. Planlegginga har teke over eit år, noko byggherren Per Olav Bøe (innfelt) gir treig sakshandsaming i kommunen ein stor del av skulda for. Foto: Halvor Farsund Storvik. Illustrasjon: Kjell Tokvam AS.
MARATON: Dei sju terrasseleiligheitene skal kome i det eksisterande bustadfeltet på Fretheimshaugane i Flåm. Planlegginga har teke over eit år, noko byggherren Per Olav Bøe (innfelt) gir treig sakshandsaming i kommunen ein stor del av skulda for. Foto: Halvor Farsund Storvik. Illustrasjon: Kjell Tokvam AS.

Oppgitt over kommunen: – Papirmølla har vore forferdeleg

Sju terasseleiligheiter på Fretheimshaugane i Flåm er klare for å gå ut på marknaden. Men mannen bak planane er mest frustrert.

Flåm:– Papirmølla har vore forferdeleg, seier byggherre Per Olav Bøe, dagleg leiar i Flåm Byggservice.

Etter å ha blitt møtt med innleiiande entusiasme for byggjeprosjektet føler han kommunen etter kvart har blitt mest oppteken av å stille «urimelege krav», mellom anna til grunnundersøkingar og dreneringsplan.

– Det er ein kostnadskrevjande periode før du får selja, du må legga ut og legga ut, utan å få noko att, seier Bøe.

Les også: Legg til rette for åtte einebustader på Fretheimshaugane

Meiner det er dårleg kundeservice

Den siste dråpen kom då kommunen ikkje ville gje han igangsetjingsløyve før dei sjølve hadde fått lagt nye avløpsrøyr i området.

– Eg måtte meir eller mindre pressa dei til å gå med på at arbeidet deira ikkje skal vera til hinder for meg, seier Bøe.

Les også: Dei ønskjer medborgarar til den nye vikinglandsbyen

Han meiner kommunen langt frå legg til rette for bustadbygging, slik det sjølvuttala deira målet er. Han tykkjer tvert om det er dårleg kundeservice.

– Du får kjensla av at viss dei kan stikke kjeppar i hjula for deg, så gjer dei det glatt. Eg skjønar at kommunen skal følgja lovar og reglar, men då må dei fortelja kva som er lurt å gjera og ikkje lurt å gjera, seier Bøe. 

– Det har vore ein forferdeleg lang dans dette her, eg har drive på i over eitt år, seier Bøe frustrert.

Kommunen tek delvis sjølvkritikk

Ordførar Noralv Distad seier saka ikkje har vore oppe politisk, men at kommunen generelt er veldig oppteken av å få til bustadbygging.

POSITIV: Ordførar Noralv Distad i Aurland seier kommunen ønskjer bustadprosjekt velkomen og ønskjer å vere ein god medspelar.
POSITIV: Ordførar Noralv Distad i Aurland seier kommunen ønskjer bustadprosjekt velkomen og ønskjer å vere ein god medspelar.

– Difor set vi stor pris på at private aktørar engasjerer seg og set igang byggjeprosjekt, det betyr mykje for kommunen og me skal ha ein positiv innstilling til sånne prosjekt.

Les også: Her takkar han rådmannen for godt samarbeid

Når det gjeld sakshandsaminga viser han til rådmann Steinar Søgaard.

Han understreker at han ikkje kjenner saka i detalj, men har lest korrespondansen mellom teknisk etat og byggherren.

– Eg kjenner meg ikkje igjen i at me set urimelege krav. Det er ikkje noko poeng for oss, men alle byggjeplanar må tilfredstille krava for dagens infrastruktur, seier rådmannen.

Likevel innrømmer rådmannen at kommunen, som alle andre, har forbetringspotensiale. I tillegg gir etterdønningane etter flaumen og dei mange byggjeprosjekta som har tårna seg opp visse kapasitetsproblem.

– Vi har utfordringar med å halde tritt, men gjer så godt vi kan. Det er ikkje alltid vi greier å vere i forkant og starte dialogen med dei som vil byggje. Av og til kan det opplevast at ting kjem litt brått på, den ser eg, seier Søgaard. 

Trur etterspurnader er stor

Søknaden om lov til å få sette i gang bygginga sende Per Olav Bøe inn på måndag i førre veke.

I første fase kjem tre leiligheiter til nyttår, viss alt klaffar. Så kjem dei fire neste. Det er terraserte leiligheiter på 124 kvadratmeter over to etasjar, med balkong på kvar av etasjane.

Prisen er på 2,8 millionar kroner og målgruppa er familiar som vil busette seg i Flåm, nyetablerarar og eventuelt eldre som vil selje husa og få noko enklare. 

– Etterspurnaden, slik eg oppfattar det etter å ha lufta planane no på Facebook, verkar ganske stor. Behovet er nok absolutt til stades, seier Bøe.

Til toppen