MÅLLAUST: Det vart endå ein uavgjort mellom dei to laga.
MÅLLAUST: Det vart endå ein uavgjort mellom dei to laga. (Foto: Rune Sjøberg)

Oppgjøret mellom Jerv og Sogndal endte mållaust, igjen

Jerv - Sogndal 0-0

Sundag kveld møtte Sogndal Jerv på Norac Stadion i Arendal. Sogningane sin andre kamp i OBOS-ligaen etter ferien. Ein viktig kamp for Eirk Bakke sine menn, som førebels ligg på ein 2.plass og er med i opprykkskampen.

Det var ein noko kjedeleg kamp, som endte mållaust, igjen.  

I 1. divisjon har laga spelt tre uavgjortar så langt. I 2015 møttes laga to gonger, 0-0 på Levermyr i Grimstad, og 1-1 på Fosshaugane, medan dei i årets sesong også spelte 0-0 på Fosshaugane.  

Laga hadde kvar sin omgang, der Schulze og Sogndal var nærast scoring. Eit greit resultat, sjølv om Sogndal kunne tatt med seg alle poenga. Sogndal ligg framleis på ein 2.plass, men kan havne på 3.plass dersom Viking vinn på tysdag. 

Nysigneringa, Nikita Baranov, spelte heile kampen og hadde stort sett god kontroll på det som kom. 

 REFERAT FRÅ KAMPEN

Jerv mest frampå i 1.omgang

Eit par greie sjansar til begge lag etter 20 minutt spel. Sogndal nærast frampå etter eit annulert mål frå Mandic.

Jerv tek sjansar på eigen banehalvdel, noko som Sogndal kan utnytte seg av seinare i kampen.

Heimelaget har skapt dei største sjansane, og har hatt eit lite overtak. Sogndal fekk eit annulert mål, ellers har dei slite med å skapa dei store sjansane.

Jerv med fleire gode moglegheiter dei siste minuttane. Sørlendingane ser farlege ut på dødball og er gode til å spele seg ut bak frå. Sogndal slit litt med å kome seg gjennom Jerv-forsvaret. For det meste stillingskrig mellom laga. 

Inga mål til pause.

Eirik Bakke rista litt på hovudet medan han går inn i garderoben, blir spennande å sjå om Sogndal kan løfta seg nokre hakk i andreomgangen. 

Sogndal dominerte 2.omgang

Lite å melde om i starten av andreomgangen. Mykje feil frå begge lag førar til mange duellar og dødballar. Jerv ligg lavt, medan Sogndal står høgt.  

Dobbel gedigen sjanse for Sogndal! Fredriksen, som kom inn for Mandic, med eit nydelig initiativ nedover sidelinja. Han legg inn mot Schulze som sklir den heilt ned i hjørna. Der ligg Jerv sin keeper med ein nydelig redning.

Sekundet etterpå headar Schulze ballen i tverren etter eit nydeleg innlegg. Ser ut som Bakke har gjort eit smart bytte med å setje inn Fredriksen. Sogndal verkar friskare no.

Alt i alt, ein positiv andreomgang for Sogndal. 

Til toppen