OPPGRADERAR: Sjukehuset i Lærdal skal få ny MR-maskin samt oppgradert el-system og varmesentral.
OPPGRADERAR: Sjukehuset i Lærdal skal få ny MR-maskin samt oppgradert el-system og varmesentral. (Foto: Helse Førde)

Oppgraderer sjukehuset i Lærdal, vil oppleva korte straumbrot neste veke

Varmesentralen og den elektriske hovudtavla skal oppgraderast under MR-utbyggjinga

Lærdal: I høve at sjukehuset gjer ei oppgradering, ved blant anna å kjøpe ei ny MR-maskin, skal dei òg oppdatere varmesentralen og den elektriske hovudtavla. 

Arbeidet på sjukehuset kan føre til litt driftsavbrot og bruk av naudstraum, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

– Dette kjem av at både varmesentralen og hovudtavla er snart 50 år gammalt, og treng sårt ei oppgradering, skriv dei. 

Moderne MR-maskin

Den nye MR-maskina treng mykje kjølevatn, difor var det eigentleg meint at ho skulle få bygd ei eiga kjølemaskin.

Men når sjukehuset i tillegg trengte eit nytt varmeanlegg, skal det i staden byggast ein kombinert kjøle- og varmesentral. Såleis får MR-maskina den kjølinga ho treng, og sjukehuset får eit nytt oppvarmingsanlegg. 

– Oppgraderinga av varmesentralen vil koma på omlag seks og ein halv millionar kroner pluss moms, men vil samstundes gje sjukehuset ei innsparing på ein million kilowattimar straum kvart einaste år, skriv Helse Førde.

Planlagte straumbrot, 

Utbyggjinga av den nye elektriske hovudtavla vil føra til kortare, planlagte straumbrot ved sjukehuset i veke 27.

Dette er grunna utskiftet mellom den gamle tavla, og innkoplinga av den nye. Straumen vil verte levert av eit dieseldrive naudaggregat. 


Helse Førde opplyser at den nye hovudtavla skal etter planen vera ferdig installert i løpet av torsdag neste veke. 

Pasientar med akutt-behov vil bli sendt til Førde sentralsjukehus, ifølgje Helse Førde.

Til toppen