Høyanger: – Då me starta opp arbeidet med den nye leikeplassen på Austreim hadde me eit møte med kommunen om kven som hadde ansvar for kva. Det byrja bra då kommunen lova å fikse drenering der det var naudsynt. Det var ein sump ved dissestativet. Dette blei aldri gjort, seier styreleiar for Austreim vel, Siv Anne Haaheim.

Oppgraderte leikeplass: – Fekk ikkje hjelpa me vart lova frå kommunen
Austreim vel seier det fekk lovnad av Høyanger kommune om drenering av leikeplassen, men det skjedde aldri. Ifølgje kommunen handlar det om korleis ein tolkar drenering.