– BRA MED MILJØKRAV: Erling Oppheim, dagleg leiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark, trur det kan vera positivt med miljøkrav til cruisenæringa, sjølv om det kan ha ein konkurransevridande effekt.
– BRA MED MILJØKRAV: Erling Oppheim, dagleg leiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark, trur det kan vera positivt med miljøkrav til cruisenæringa, sjølv om det kan ha ein konkurransevridande effekt. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Oppheim: – Miljøkrava kan vera konkurransevridande, men må det vera negativt?

Dagleg leiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark, Erling Oppheim, er ikkje utan vidare samd i eit miljøkrav til cruisenæringa vil ha ein negativ konkurransevridande effekt.

Aurland: Torsdag skreiv Sunnmøringen, og seinare Porten.no, at Aurland-ordførar Noralv Distad (H) og kollegaen hans i Stranda skal møte klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) 12. september.

I desse tider jobbar Sjøfartsdirektoratet med å lage forslag til nye reglar for cruisetrafikken på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, og dei to ordførarane er spesielt opptekne av at dei nye reglane må gjelde for heile landet, ikkje berre dei mest trafikkerte fjordane, som Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden.

Distad utdjupa til Porten.no at han fryktar særreglar vil ha ein konkurransevridande effekt. Det kan henda, seier Erling Oppheim, men i positiv forstand, meiner han.

– Det vert lagt fram som noko negativt. Kva tilseier det? Kva om det bidreg til at ein i større grad søkjer dei kvalitetane og turistane er villige til å betale for det? spør han.

Kvalitet

Han meiner det er både viktig og positivt at direktoratet og departementet vil ta tak i miljøkrava fordi det vil vera viktig for kva utvikling og framtid ein skal ha i verdsarvfjordane. 

– Det er viktig å leggja til rette for gode opplevingar for gjestene våre, ein god kvardag for innbyggjarane og for at bedriftene i området tener pengar. Men ikkje minst er kvalitet viktig. Me må ha siktemålet om at dette skal vera det kvalitativt beste reisemålet, seier han.

Må takast på alvor

Oppheim fortel at også dei opplever å få tilbakemeldingar frå turistar som føler røynda ikkje har stått til forventningane. 

– Dermed må ein ta dette på alvor. Får dette breie seg over tid, vil ein få eit stort problem fordi folk vil oppleve det som negativt å reise til fjordane. Me kan ikkje selja norsk natur og fjordar på sitt beste, og så er det dei møter, ei bygd i smog. 

Difor seier den daglege leiaren i Verdsarvparken at det kan vere miljøkrav kan ha ein konkurransevridande effekt, men at det ikkje må vera noko negativt.

– I Glacier Bay i Alaska har ein gjort seg gode erfaringar på dette, så kvifor skulle ikkje me få til noko tilsvarande viss me ønskjer at dette skal vera verdas beste reisemål? 

Til toppen