Gulen: Det vart ein lang debatt då Senterpartiet (Sp) og Arbeidarpartiet (Ap) føreslo å leggje inn ei formulering i budsjettet om at administrasjonen i Gulen kommune får i oppdrag å planleggje eit 12,5 meters symjebasseng med fleirbrukshall ved Dalsøyra skule.

Oppheta bassengdebatt i formannskapet – Høgre kritiserte administrasjonen
Partia i Gulen er framleis ikkje samde om kvar eit basseng skal liggje og kommunedirektøren vil helst ikkje ha basseng. I tillegg har Ivar Eide (H) tvil om administrasjonen klarer å vere upartisk i saka.