Årdal: Torsdag kveld for éi veke sidan sende Årdal kommune ut melding om at vatn på Årdalstangen er ureina.
I samråd med Mattilsynet og kommunelege vart det difor innført kokepåbod. Alle husstandar som vart råka fekk melding via sms eller telefon.
På måndag var det teke nye vassprøver frå høgdebassanget i Geisdalen, og svaret frå desse viser at kokepåbodet kan opphevast. Det skriv Årdal kommune på sine heimesider.