Lærdal: – Programmet består utelukkande av verdsleg musikk, som i sin samtid blei framført i private heimar og i uformelle samanhengar. Difor vel Trio Earlybird intime konsertarenaer, der publikum får moglegheit til å kome tett innpå musikarane og oppleve musikken i ein kontekst som ligg nær den opphavlege.

Slik skildrar Trio Earlybird kveldens konsert med hovudvekt på italiensk musikk frå fyrste halvdel av 1600-talet. Med i trioen er Thomas Schoofs Melheim (25), opphaveleg frå Lærdal. Han spelar strenginstrumentet theorbe, som er ein basslutt, vanlegvis med 14 dobbelstrengar. Instrumentet vart utvikla i Italia på slutten av 1500-talet.
"Barokke kjensler"
Med seg i trioen har han Inger Øvrebø Uberg (26), som er sopran og Kristine Rustad (27) på violo da gamba - eit strykeinstrument som er temmeleg likt fiolin, men har nokre andre eigenskapar, mellom anna sju strenger mot fire, som fiolinen normalt har.
– Vestlandsturneen me er på har fått namnet ”Barokke kjensler”. Føremålet med konserten er å invitere publikum med på ei reise gjennom dei mange ulike affektane barokkmusikk er full av. Programmet syner fram gode eksemplar på korleis komponistane aktivt nytta seg av musikalske verkemiddel for å måle fram viktige tekstlege aspekt.
Store komponistar
At musikkstykkja vert framførde på instrument frå tida musikken vart komponert er eit stort poeng for trioen.
– Tidsriktig framføringspraksis på kopiar av instrument frå denne tida vil gi dagens konsertgjengarar ei unik musikkoppleving. På den eine sida vert ei ”tidsreise” skapt, og samtidig vert musikken aktualisert i det den får snakke gjennom dei instrumenta den er skriven for.
Konserten vil presentera ei rekkje viktige og interessante komponistar; mellom anna operaens far Claudio Monteverdi, luttvirtuosen Girolamo Kapsberger, og den kvinnelege komponisten Barbara Strozzi.
Konserten tysdag 12.juli startar klokka 18 i Indre Sogn Kunstsenter. Onsdag 13.juli spelar trioen på Walaker Hotell i Solvorn til same tidspunkt. Dette er heile planen for vestlandsturneen til Trio Earlybird:
Turnéplan 2016:
10.juli kl.14 – Bergen skolemuseum
12.juli kl.18 – Sogn kunstsenter, Lærdal
13.juli kl.18 – Walaker Hotell, Solvorn
14.juli kl.17 – Lauget kaffi & kultur, Sandane
16.juli kl.18 – Baroniet Rosendal