PARASITTFRI: Nye undersøkingar som Veterinærinstituttet har gjort viser at Lærdalselvi framleis er parasittfri tre år etter behandling. Det er svært så oppløftande resultat, seier forskar Sigurd Hytterød. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
PARASITTFRI: Nye undersøkingar som Veterinærinstituttet har gjort viser at Lærdalselvi framleis er parasittfri tre år etter behandling. Det er svært så oppløftande resultat, seier forskar Sigurd Hytterød. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

Oppløftande resultat etter undersøking av Lærdalselvi

Etter å ha undersøkt 400 laksungar frå Lærdalselvi kjem Veterinærinstituttet med oppløftande resultat.

Lærdal: Det er nemleg ikkje påvist parasitt i elva ifølgje dei siste undersøkingane som instituttet gjer på oppdrag frå Mattilsynet. 

I midten av august i år samla me inn 223 laksunger og i oktober blei det samla inn ytterlegare 206 laksungar frå 20 utvalde stasjonar i elva.

– Alle laksungane er no undersøkt for G. salaris, og det er svært oppløftande å kunne konkludere med at samtlege er frie for parasitten, seier forskar ved Veterinærinstituttet Sigurd Hytterød.

Les også: Framleis ikkje spor etter gyro i Lærdalselvi

Ekstra spenning i år

I 2011 og 2012 vart elva behandla med aluminiumssulfat. Neste år er det 20 år sidan elva først fekk påvist parasitten, og fleire ulike behandlingar er blitt gjort utan resultat. Men dei siste åra har elva vore parasittfri. Ei varig friskmelding skjer derimot ikkje før det har gått fem år og ein skriv 2017.

Denne behandlingsmetoden er svært skånsam og hindrar at laks og annan fisk døyr av behandlinga. 

– Erfaringar frå friskmeldingsprogrammet for G. salaris i andre vassdrag har vist at mislykka behandlingar ofte har blitt avdekka med påvisning av parasitten det tredje året. Det har difor blitt knytta ekstra stor spenning til undersøkingane i år, og me er svært nøgde med at parasitten ikkje vart påvist i 2015, seier Hytterød vidare.

Til toppen