KRITISK: Anders Hamre Sveen skriv at Raudt har vore imot regionreforma i lang tid.
KRITISK: Anders Hamre Sveen skriv at Raudt har vore imot regionreforma i lang tid. (Bilde: Privat)

MEININGAR

Oppløys Vestland: – Vore imot regionreforma heile tida

Anders Hamre Sveen og Raudt vil ha tilbake dei 19 fylka som vi hadde før. Jo før, jo betre, meiner dei.

Meiningar: På Vestland fylkesting i desember 2020 prøvde Raudt Vestland å få fylkestinget til å vedta ei evaluering av korleis det har gått med samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane så langt.

Det var ikkje nokon av dei som talar varmt om Vestland som var villige til å vere med på å vedta ei slik evaluering. 

Raudt Vestland prøvde dessutan å få Vestland fylkesting til å gå inn for å arrangere ei lokal folkerøysting i Vestland samstundes med stortingsvalet neste år, slik at folk kan få seie kva dei meiner om fylkessamanslåinga.

Vi fekk berre støtte frå nokre av representantane til FNB og nokre av dei som no møter som Uavhengige i fylkestinget. Vi i Raudt har vore imot regionreforma heile tida.

Sentralisering av arbeidsplassar

Det har synt seg at vi hadde heilt rett når vi åtvara mot at reforma ville vise seg å vere ei kuttreform som òg ville føre til ei ytterlegare sentralisering av arbeidsplassar. 

Fleirtalet i vallovutvalet har nyleg slått fast at det er ønskeleg å framleis halde på dei 19 gamle fylka som valkrinsar til Stortinget.

I 2021 skal vi ha to separate valkampar, ein i Sogn og Fjordane og ein i Hordaland. Dei to forrige regionane er med andre ord framleis særs relevante område.

Det er ønskeleg at valkrinsane til Stortinget og fylkesgrensene samsvarer. Det er ikkje ønskeleg å endre på valkrinsane til Stortinget, og difor må vi få tilbake dei 19 fylka som vi hadde før, jo før jo heller.

Vestland må snarast mogleg delast opp att i to, til dei to sjølvstendige fylka Hordaland og Sogn og Fjordane.

Til toppen