SPLEISELAG: Trond Øyen Einemo, vara-ordførar i Lærdal, oppmoda naboane i Sogn om å vere med på eit spleiselag for ei MR-maskin på Lærdal sjukehus. Kommunane skal handsame saka før sommaren. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SPLEISELAG: Trond Øyen Einemo, vara-ordførar i Lærdal, oppmoda naboane i Sogn om å vere med på eit spleiselag for ei MR-maskin på Lærdal sjukehus. Kommunane skal handsame saka før sommaren. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Oppmoda naboane om bidra til MR-maskina

– Det vil styrke helsesituasjonen i fylket vårt, seier Trond Øyen Einemo frå Lærdal.

Lærdal: Då Sogn regionråd møttest torsdag, var han på plass for Jan Geir Solheim, som i staden deltok på eit samferdslemøte i Ulstein. 

– Ei MR-maskin på Lærdal sjukehus vil gi kortare ventetid og styrkar helsesituasjonen i fylket. Det vil ha stor betydning for helsetilbodet, kommunane og bedrifter, seier Einemo.

I førre møte kom regionrådet fram til at dei stør initiativet om eit spleiselag for ei MR-masking. Maskina kostar om lag 10 millionar kroner, ein sum Helse Førde ikkje har plass til i investeringsbudsjettet. 

Skal dele kostnaden

Men Helse Førde har gitt positive signal om å ta driftskostnadene dersom sjølve investeringa vert finansiert lokalt. Difor har Lærdal Næringsutvikling teke initiativ til å fullfinansiera maskina, der Lærdal kommune tek største delen på 3 millionar kroner.

Helsegruppa i regionrådet rår til at kommunane bidreg med 4 millionar, der dei næraste kommunane Sogndal, Årdal, Luster og Aurland deler 3,2 av desse millionane likt mellom seg, medan Leikanger, Vik, Balestrand og Høyanger står for dei resterande 800 000 kronene.

I tillegg skal næringslivet kontaktast med førespurnad om å bidra med 3 millionar kroner i fellesprosjektet.

Yter etter evne

No kjem saka opp i dei respektive kommunestyra i juni. Solheim har bedt kommunane om å handsame saka som ein søknad om pengar. I Balestrand har dei allereie handsama saka, og dei klarar berre å stille med ti prosent av førespurt sum.

– Det var aksept på å yta etter beste evne. Balestrand er i utkant og held oss til Førde. Men formannskapet har bestemt å gi ein symbolsk sum på 20 000 kroner for å syne at me synest dette er ei viktig sak for regionen, seier ordførar i Balestrand Harald Norvald Offerdal. 

I Sogndal derimot, ser Jarle Aarvoll ingen grunn til at dei ikkje skal vere med på dette.

Lange køar

Ved lokalsjukehuset i Lærdal har ein dei seinare åra spesialisert seg på kne- og hofteoperasjonar, og sjukehuset har ei stor mengd pasientar som kjem frå andre regionar. 

Det er ei vesentleg ulempe for denne aktiviteten at det ikkje er mogleg å få utført MR-undersøkingar både før og etter behandling. Dersom ein lykkast med å få etablert MR-maskin ved Lærdal sjukehus, vil dette være ei styrking av denne aktiviteten, men òg ei monaleg styrking av helsetilbodet i Sogn ved at ein får redusert ventetida betydeleg, samt at dette tilbodet kan gjevast lokalt. 

Det er i dag underkapasitet i Helse Førde med ventetid på 18 veker ved Førde sentralsjukehus og 13 veker i Eid. Difor blir mange pasientar sendt til ein privatklinikk i Bergen, noko som medførar lang reisetid for mange. 

Til toppen