FLEIRE BØSSEBERARAR: Marie-Helene Hollevik Brandsdal håpar fleire i Årdal vil melde seg som bøsseberar for å samla inn pengar til reint vatn til personar som Koyte på biletet. Foto: TV-aksjonen.
FLEIRE BØSSEBERARAR: Marie-Helene Hollevik Brandsdal håpar fleire i Årdal vil melde seg som bøsseberar for å samla inn pengar til reint vatn til personar som Koyte på biletet. Foto: TV-aksjonen.

Oppmodar fleire til å melda seg som bøsseberar

Manglar framleis 50 bøsseberarar i Årdal.

Søndag er det duka for TV-aksjonen, men i Årdal manglar dei framleis 50 bøsseberarar. Marie-Helene Hollevik Brandsdal ber no folk om melda seg.

Søndag går årets TV-aksjon av stabelen, der pengane blir samla inn til Kirkens Nødhjelp. Desse pengane skal gå til reint drikkevatn i Sudan, Etiopia, Somalia, Afghanistan, Sør-Sudan, Pakistan, Tanzania og Haiti. 

Sjansane er difor store for at det kjem nokon og bankar på døra di søndag ettermiddag.

Fire dagar før aksjonen manglar ein framleis 50 bøsseberarar i Øvre Årdal og på Årdalstangen, og no håpar Hollevik Brandsdal at fleire vil melda si interesse.

– Dersom nokon er interessert, kan dei melda seg anten til meg, på nettet, ringa 02025 eller senda ein SMS til 2080. Det er veldig mange moglegheiter for å melda seg. Per i dag har me 30 av 55 i Øvre og 10 av 35 på Tangen, seier ho til Porten.no.

Ho fortel at kvar person vil bli tildelt sin rode og at born kan gå saman med vaksne. Kvar rode tek rundt éin time å gå.

– Det er ein dugnad dette og er for at fleire skal få tilgang til reint vatn, som gjer at menneske held seg friske, at kvinner og born slepp å gå fleire timar kvar dag for å henta vatn og kan bruka tida på skule og arbeid, som igjen utviklar samfunn, seier ho.

– Dei 6000 kronene som Årdals mottakssenter samla inn førre helg gir reint vatn til 30 menneske resten av livet. I perspektiv døydde i 2009 eit barn kvart 15. sekund av vatnrelaterte sjukdommar. 

–  I 2013 er det talet på 21 sekundar og det tilsvarar 1469 born kvar dag. Det nyttar å hjelpa, seier ho og opplyser om at dei som skal vera bøsseberar kan møta ved Indre Sogn Sparebank 15.30 søndag. 

Til toppen