VEKS UT I VEGEN: Årdal Tenk Tryggleik har observert busker og hekkar som vegs utover fortaua. No minnar dei folk på å klyppa dei, for å trygge born og andre fotgjengarar.
VEKS UT I VEGEN: Årdal Tenk Tryggleik har observert busker og hekkar som vegs utover fortaua. No minnar dei folk på å klyppa dei, for å trygge born og andre fotgjengarar. (Foto: Statens Vegvesen)

Oppmodar folk om å klippa hekken: Lagar farlege situasjonar for skuleungar

Årdal Tenk Ttryggleik minnar folk om at enkle grep kan sikra ungar som ferdast langs vegen.

Årdal: Små barn vert fort usynlege bak store hekkar og buskar. Det kan føra til farlege situasjonar i trafikken.

Høge buskar ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjera det uversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Det er eit aukande problem i sommarmånadane, opplyser leiar for ÅTT, Svein Ove Åmås på kommunen sine heimesider. 

– Eg har registrert at det er ein del hekkar i Årdal, til dømes på Farnes, som veks ut i vegen slik at folk og ungar må gå ut i vegen for å passera. Det kan vera farleg, spesielt for småungar, seier Åmås til Porten.no.

Lovpålagt

Han minnar om at det er pålagt i vegtrafikklova at utkøyrsler skal ha fri sikt. 

– Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippa hekk og busker på eigedommen din. Det er ikkje kjekt å skrapa seg på busker når ein går på fortaua, seier Åmås. 

– Me ville be folk skjerpa seg litt, og senda ein liten påminning, legg han til. 

Til toppen