OPPMODING: I løpet av juletida har politiet fått tre voldshendingar å etterforske i Årdal på grunn av alkohol og usemje. No håpar lensmann Magne Knudsen at folk tar oppmodinga hans om å drikke med fornuft. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.

Oppmodar folk om å ta det med ro med alkoholen

Politiet i Årdal etterforskar for tida tre voldshendingar som har skjedd i løpet av juletida.

Årdal: No håpar lensmann Magne Knudsen at folk vil ta det med ro med alkoholen i nyttårshelga og utover i det nye året.

I dei tre hendingane har alkohol vore innblanda alle gongene med rusa personar som slåst. 

– Eg vil be om at folk nyter alkohol med fornuft og at ein tar vare på kvarandre slik at me slepp å starta det nye året med fleire etterforskingar som skuldast for mykje alkohol og usemje, seier Knudsen.

Nyttårsaftan er ein typisk dag der alkohol er ein del av biletet, og med 1. nyttårsdag på ein fredag, har folk flest fri gjennom heile helga. 

– Me har snakka med utestadane i kommunen og håpar på eit samarbeid og at dei framleis er flinke til å ha fokus på overskjenking og seie nei når nok er nok, held lensmannen fram. 

– Me ønskjer ikkje å starta det nye året med fleire saker.

Til toppen