SER FRAMOVER: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) meiner nøkkelen for å sikre fylket for framtida, er samarbeid. Foto: Kristján Logason/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
SER FRAMOVER: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) meiner nøkkelen for å sikre fylket for framtida, er samarbeid. Foto: Kristján Logason/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Oppmodar fylket til å stå ilag

– Me må stå ilag for å sikre fylket for framtida, sa fylkesordførar Åshild Kjelsnes då ho talte til fylkestinget i tysdag.

Fylkesordføraren tok opp utfordringane fylket har stått overfor den siste tida – og framleis står overfor,  då ho opna tingseta i Balestrand med å tale til fylkestinget. Det skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding. 

– Når det gjeld reformer, er bildet framleis svært brokete og uoversiktlege. Me har lidd nokre tap, og vi har vunne nokre kampar, sa Kjelsnes.

– Samarbeid er nøkkelen

Ho la vekt på at ho er skuffa over resultatet av politireforma for Sogn og Fjordane, og at vi framleis må vere aktive for å sikre høgskulen og flyplasstrukturen i fylket. Kjelsnes meiner nøkkelen for å sikre fylket for framtida, er samarbeid.

– Lærdomen må vere at sigrane og ikkje minst kampane for å behalde det vi har, krev at vi står ilag, slo fylkesordføraren fast.

Heile talen under fylkestinget 16. juni finn du her. 

Følg fylkestinget

Fylkestinget held møte tysdag 16. og onsdag 17. juni. Sakliste finn du her.

Fylkestinget strøymer sine møte, og du kan følge onsdagens møte her.

Til toppen