PLAN: Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) oppmodar fleire kommunar å vedta språkbruksplanar. Jan Olav Fretland meiner språkbruksplanar kan vera veldig viktige. Arkivfoto: Camilla Skjær Brugrand.
PLAN: Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) oppmodar fleire kommunar å vedta språkbruksplanar. Jan Olav Fretland meiner språkbruksplanar kan vera veldig viktige. Arkivfoto: Camilla Skjær Brugrand.

Oppmodar kommunar til å vedta språkbruksplanar

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) oppmodar fleire kommunar å vedta språkbruksplanar. Nye malar er utarbeidde – også for samanslegne kommunar som blir språknøytrale.

Lærdal: – Språkbruksplanar er viktige fordi dei set språkspørsmål på dagsorden i kommunane, og fordi dei ofte plasserer ansvaret for kommunespråket hos ein etat eller avdeling. Planane fører til sikrare språkbruk hos tilsette og til ei meir medviten haldning i språkspørsmål generelt, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland.

Ein tredjedel av LNK sine medlemskommunar har no vedteke eigne språkbruksplanar, eller målbruksplanar som dei òg blir kalla. Dei fleste planane byggjer på ein mal som LNK har sendt ut.

Jan Olav Fretland og Jostein Avdem Fretland har no utarbeidd språkplanar for både nynorskkommunar og reelt tospråklege kommunar.

– Me har delt det inn i to, med ein politisk del med konkrete reglar for korleis nynorsken skal takast vare på. Det gjeld til dømes at det skal rapporterast til kommunestyret korleis det går med nynorsken i skulane, kva språkarbeid som er gjort, kva som har gått bra og ikkje så bra.

For dei samanslegne språknøytrale kommunane har Fretland & Fretland laga ein språkplan som prøver å binde kommunane til å vere mest mogleg språknøytrale og ta vare på nynorsken.

Jan Olav Fretland meiner språkbruksplanar kan vera veldig viktige.

– Dei kan vera med på å skapa eit samla trykk mot Utdanningsdirektoratet, programvareleverandørar og sløvheit mellom dei som ikkje kan nynorsk i kommunane. Til slutt blir det eit marknadstrykk som ein lenge har snakka om.(©NPK)

Til toppen