EIN TIME UTAN LYS: "Earth Hour" betyr at lyset blir sløkt i ein time frå klokka 20.30 laurdag kveld. Foto: Earthhour.org
EIN TIME UTAN LYS: "Earth Hour" betyr at lyset blir sløkt i ein time frå klokka 20.30 laurdag kveld. Foto: Earthhour.org

Oppmodar om å sløkkje lyset for klimaet

Får fylkesordførar Åshild Kjelsnes det som ho vil, blir det mørkt i Sogn og Fjordane laurdag kveld. 

Laurdag 28. mars er det tid for klimakampansjen "Earth Hour". Tradisjonen tru sluttar fylkeskommunen seg til markering, i tillegg til å oppmoda kommunar, bedrifter og privatpersonar til å delta.

"Earth hour" er ei symbolsk markering og eit uttrykk for folkets vilje og evne til å stå saman mot klimaendringane. Kampanjen inneber å få flest mogleg til å sløkkje lyset i minst ein time. 

SLØKKJER LYSET: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes oppmodar folk i fylket til å delta på "Earth Hour". 
SLØKKJER LYSET: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes oppmodar folk i fylket til å delta på "Earth Hour". 

– Me har vore med i fleire år og ønskjer framleis å støtte opp om dette opplegget. Redusert energibruk er viktige tiltak og me oppmodar resten av fylket til å sløkkje lyset på laurdag, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Over heile verda i sju år

Klimakampanjen  "Earth hour" blir i år arragert for sjuande gong i Noreg. Fjorårets Earth Hour vart større enn nokon sinne, både i Noreg og internasjonalt, med kring ein milliard deltakarar. 

Eit viktig klimaår

Mot slutten av året blir verdas toppleiarar samla til klimatoppmøte i Paris der målet er å få til ei avtale som gjer det mogleg å unngå meir enn to grader global oppvarming. WWF (World Wildlife Foundation) står bak arrangementet, og skriv på sine heimesider at ein stor og stemningsfull klimakampanje før påske kan bli ein fin feiring av den fornybare revolusjonen, der stor oppslutnad kan vera med å gi klimaforhandlarar og toppleiarar eit skikkeleg dytt før klimatoppmøtet.  

Her kan du lesa meir om klimakampanjen og klimatiltak du kan gjera elles i året. 

Til toppen