ENDELEG TRYGG: Kattungen Alfa er byrja å kome godt til rette hjå fostervert Malin Hovland i Årdal.
ENDELEG TRYGG: Kattungen Alfa er byrja å kome godt til rette hjå fostervert Malin Hovland i Årdal. (Foto: May-Ruth Walaker)

Oppmodar til sterilisering av katt etter at nær ihelsvolten kattunge blei redda

Ein av to ville kattungar som har halde til på Alme på Hafslo er redda og komen til ein trygg fosterheim.

Årdal/Luster: Dei to kattungane har levd under eit stabbur den siste tida. Då den eine blei funnen død laurdag hjelpte May-Ruth Walaker i Dyrevernlaget Indre Sogn til med å fanga den andre. 

– Den var veldig redd men det tok ikkje meir enn fem minutt før ho gjekk i fella og me fekk tak i ho, seier Walaker. 

Ho trur kattungen er mellom fem og seks veker. 

– Den var veldig redd, tyst og svolten så den åt godt då me fekk tak i den.

Finn mange villkattar

Kattungen har fått namnet Alfa og er ein av seks kattungar dei har funne på 14 dagar. 

– Det er for mykje. Me treng ikkje fleire kattungar så me oppmodar alle som får seg katt til å kastrera eller sterilisera dei, seier Walaker.

Ein slik prosedyre gjer at du som eigar får ein mykje roligare og snillare katt som ikkje rømmer frå heimen sin, minner ho om.

– Eg håpar folk byrjar å forstå at dei må sterilisera og kastrera katten sin no, då slepp me sånne situasjonar som dette, seier ho. 

Trygt på plass i fosterheim

Ofte er det vanskeleg å finna fosterheim til villkattar men heldigvis ordna det seg denne gongen. 

– Dotter mi, Malin Hovland, var ledig som fostervert no og tok i mot kattungen på laurdag. Den er allereie blitt husrein, mel mykje, og me får lov til å klappa den, fortel Walaker. 

Likevel oppmodar ho fleire til å melda interesse for å ta inn huslause kattar.

– Me treng fleire fostervertar og fleire burde bli det. Heldigvis hadde me ein fosterheim ledig med ein gong til denne kattungen, men det er det ikkje alltid me har.

Til toppen