ANSVAR: Opposisjonspolitikarane meiner Arbeidarpartiet ikkje kan fråskriva seg ansvaret for at kommunen havna på Robek-lista. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ANSVAR: Opposisjonspolitikarane meiner Arbeidarpartiet ikkje kan fråskriva seg ansvaret for at kommunen havna på Robek-lista. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Opposisjonen: – Eit ansvar ein ikkje kan fråskriva seg

Dette seier opposisjonspartia om utspelet til Hilmar Høl (Ap) om kvifor Årdal kom på Robek-lista.

Årdal: Ap-politikaren meiner folk har feil oppfatning av kvifor Årdal kom på Robek-lista. Kort oppsummert seier han at det var resultat av hovudsakleg skattesvikt som sendte kommunen under statleg administrasjon, ikkje politisk vanstyre slik fleire hevdar.

Bakgrunn: Høl: – Difor kom Årdal på Robek-lista

– Kva ord ein brukar på den situasjonen ein har kome opp i er ikkje så relevant, men det er eit politisk ansvar å sørga for at ein ikkje kjem oppi det, og viss ein gjer det, må ein sørga for å koma seg fortast mogleg utanfor. 

– Det må Arbeidarpartiet ta innover seg, så får ein kalla det vanstyre eller manglande styre eller kva ein vil, men det er eit ansvar dei som styrer ikkje kan fråskriva seg, er Senterpartiets Aleksander Øren Heen sin første kommentar då han blei konfrontert med utspelet.

Brukt meir enn ein har

Ordførarkandidaten, som ser ut til å bli den verkeleg store utfordraren til sitjande Ap-ordførar Arild Ingar Lægreid, meiner forklaringa er enkel.

– Du har brukt meir pengar enn det som kjem inn, og forklaringa kan vera mange, som svikt i skatteinntekter og rammetilskot. Det er sjølvsagt enkle og greie forklaringar, men når ein ser inntektssvikten, må ein korrigere kursen, held han fram.

Les også: Slik skal han hjelpe kommunen med budsjettutfordringa

– Då må du ein redusera slik at ein unngår å havna under statleg administrasjon, og det er der ting har kome ut av kontroll for du har trass alt eit par år på å retta opp kursen før du blir Robek-registrert. Det er mi meining, så får Ap meina det dei vil om det, men det er deira ansvar, og det skjedde på deira vakt. 

DÅRLEG UNNSKYLDNING: Geir Hilmar Sandvik (Frp) synest det verkar som at Høl prøvar å unnskylda Ap-politikken. Arkiv
DÅRLEG UNNSKYLDNING: Geir Hilmar Sandvik (Frp) synest det verkar som at Høl prøvar å unnskylda Ap-politikken. Arkiv

– Prøver å unnskylda politkken

Den enkle forklaringa støttar både Knut Arne Klingenberg (H) og Kurt Jevnaker (V) han i. Geir Hilmar Sandvik (Frp) trur Høl prøver å unnskylda Ap sin politikk.

– Skulle du ha dreve privatøkonomien på same måte, måtte du ha seld både hus og bil. Dei har lagt seg til for dyre vanar. Eg trur gjerne det var samfunnshuset på Årdalstangen som gjorde at ein fekk knekken, seier Sandvik og haustar støtte hjå Klingenberg.

Les også: Skiltar med landets lågaste tenester

– Har du stilt deg opp til hogg, får du svara på det. Politikarane har gjort nokre val med å gjera noko med samfunnshusa, og då må me stå for det og ikkje grava oss ned og seia at me ikkje har vore bevisste på det me har gjort, supplerer han.

LITT RETT: Knut Arne Klingenberg gir Høl litt rett i utsagnet sitt, men meiner politikarane burde føresett betre det som skjedde. Arkiv
LITT RETT: Knut Arne Klingenberg gir Høl litt rett i utsagnet sitt, men meiner politikarane burde føresett betre det som skjedde. Arkiv

Høg verdi

Høgre sin ordførarkandidat gjekk frå raudt til blått i vinter, men var altså aktiv Ap-politikar då dette skjedde. Sjølv seier han at han ikkje var inne i dei store tunge sakene som hadde med samfunnshusa å gjera.

– Der følgjer du eigentleg berre med, men å bruka så mykje pengar på så kort tid, har ikkje våre så fornuftig, men det me kan seia er at Årdal kommune sit med ein høg verdi. Det er ikkje slik at me har spelt dei vekk fordi me har noko att for dei pengane som vart brukt.

– Litt rett, men...

Han gir, i likskap med Kurt Jevnaker, Høl delvis rett i det han seier, men meiner også at dette er noko Arbeidarpartiet burde hatt kontroll på.

Les også: Årdal kommune deltek i utviklingsnettverk

– Hilmar har rett i noko, men det er feil å seia at ein ikkje kjente til det som kom. Det var jo ein konsekvens av at Å3 la ned. Det er ein kjend faktor. Viss me som politikarar ikkje har vore flinke nok til å legga til rette for dette i framtidige skatteinntekter, så er det klart at me må vera så ærlege å seia at me ikkje gjer jobben vår viss me ikkje ser dette tidlegare. 

Samrøre

Jevnaker meiner det er synd at kommunen, som tek utbyte frå Årdal Energi, ikkje har teke betre vare på desse kronene og sett inn i eit fond for framtidige generasjonar. 

– Eg trur det blir feil frå Ap si side å gi eit inntrykk av at me havna på Robek-lista ikkje er ein konsekvens av deira prioriteringar. For det er ikkje riktig, men at det kan vera samansett er det nok.

– Det finst ikkje ein kommune i Noregs land der du har betre forutsetningar for å få til endringar, der eitt parti sit med bukt om begge endar, legg han til.

Les også: Kan koma seg ut av Robek eitt år før

Venstre-politikaren dreg fram årets bassengaksjon på Årdalstangen som eit døme på samrøret i kommunen. 

– Årdal Venstre er ikkje imot at det blir vatn i bassenget på Årdalstangen, men viss du ser på saka; ordføraren er eigar av Årdal Energi, som eig Årdalsnett, som bidreg med 200.000 kroner inn for å skaffa vatn. Det er eit samrøre eg meiner me ikkje skal ha. 

Tar ansvar for økonomien

At Årdal er utsett for svingingar er ikkje noko nytt, meiner Heen, som foreslår at kommunen burde ha ein buffer til å tole dette.

– Eg synest det er merkeleg at me som opposisjonsparti ofte framstår som meir ansvarlege for økonomien enn det styrande partiet. Det er ikkje slik det plar vera.

– Det er viktig at kommunen har ein buffer, men det har det ikkje vore. Ein har maksa forbruket kvart år, og det er eit politisk ansvar. 

Til toppen